Skattemessig omdanning

Eit enkeltpersonføretak, selskap med deltakarfastsetjing, samvirkeføretak eller NUF (norskregistrert utanlandsk føretak), som driv verksemd i skattelovas forstand, kan etter nærmare reglar omdannast skattefritt til aksjeselskap.


Nystifta aksjeselskap

Føresetnadene for å gjennomføre ei skattemessig omdanning er blant anna at aksjeselskapet er nystifta, at aksjeselskapet tek over eigedelar og gjeld frå det eksisterande føretaket og at føretaket som vert omdanna, ikkje er nedlagt eller avslutta før omdanninga.

Frist for omdanning

For at omdanninga skal kunne vere skattefri, er det ein føresetnad at føretaket er stifta og melding send Føretaksregisteret i løpet av tidsrommet 1. januar til 1. juli i skattleggingsperioden og at det er utført skattetrekk og rekna ut arbeidsgjevaravgift seinast frå 1. juli. 

Eigarmessig kontinuitet

Det er krav til eigarmessig kontinuitet, det vil seie at omdanninga ikkje må forskyve eigarinteressene i selskapet. Ved skattemessig omdanning av eit enkeltpersonføretak vil det ikkje kunne takast inn nye eigarar.

Organisasjonsnummer

Når eit føretak vert omdanna skattemessig skal det nystifta aksjeselskapet registrerast som eit nytt føretak og vil få tildelt eit nytt organisasjonsnummer. Alle avtalar som det gamle føretaket har med kundar, leverandørar og andre forretningssamband, må dermed som hovudregel reforhandlast.

Meirverdiavgiftsregistrering

Dersom verksemda vert driven uforandra vidare som eit nytt aksjeselskap, kan du søkje om å vidareføre ei eventuell meirverdiavgiftregistrering. Du slepp dermed å vente med mva-registreringa til omsetninga i løpet av ein tolvmånadersperiode er overstigen 50 000 kroner.

Vedlegg til skattemeldinga

Dokumentasjon for at aksjeselskapet er meldt til Føretaksregisteret innan fristen, må leggjast ved skattemeldinga for formues- og inntektsskatt.

Reglane for skattemessig omdanning går fram av skattelova og skatteforskrifta.

Skattelova om omdanning

Forskrift til skatteloven - om omdanning

Starte og registrere eit aksjeselskap (AS)

Skifte organisasjonsform

Åpne kontaktskjema