Skifte organisasjonsform

Eit registrert enkeltpersonføretak, ansvarleg selskap eller aksjeselskap kan ikkje skifte organisasjonsform og samstundes behalde organisasjonsnummeret.


Når kan omdanning skje?

Dei einaste unntaka er endring (omdanning) mellom AS og ASA, SA og AS og mellom ANS og DA. I alle andre tilfelle må det registrerast ei ny verksemd med nytt organisasjonsnummer, heilt lausrive frå den gamle organisasjonen sine forpliktingar og rettar. Dersom til dømes deltakarane i eit ansvarleg selskap heller vil drive aktiviteten si gjennom eit aksjeselskap, må dei registrere eit nytt aksjeselskap.

Aksjelova om omdanning frå AS til ASA

Samvirkelova om omdanning

Skattelova om omdanning

Fremgangsmåte ved endring

Det normale når ein endrar organisasjonsform er at ein slettar verksemda ein endrar frå. Det er likevel ikkje noko i vegen for å behalde den tidlegare registreringa dersom ein held fram med å driva næringsverksemd og dette er hensiktsmessig. Ver merksam på at innsendingspliktene då vil vere i behald.

Dersom ei av desse organisasjonsformene skal oppløysast for å halde fram i ei anna organisasjonsform, kan Føretaksregisteret ta med informasjon i kunngjeringa om at aktiviteten skal halde fram i ei anna organisasjonsform. Dette må då meldast frå om til Føretaksregisteret når oppløysingsmeldinga blir sendt inn til registrering.

Brønnøysundregistera kunngjeringar

Både sletting og nyregistrering blir melde via Samorda registermelding.

Ved registrering av den nye verksemda er det viktig å opplyse kven aktiviteten er teken over frå. Motsatt skal slettemeldinga opplyse kven aktiviteten blir dregen over til. Du finn eigne felt for overtaking/overdraging i skjemaet.

 

Samordna registermelding (Variantar for nedlasting)

Åpne kontaktskjema