Statistikkplikter

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å utarbeide offisiell statistikk i Noreg. SSB treng opplysningar frå verksemder for å lage god og påliteleg statistikk som offentlege verksemder, næringsliv, forskarar og politikarar kan bruke for å planlegge for framtida. Dei fleste undersøkingane blir gjennomført månadleg, kvartalsvis eller årleg.


Kvifor må akkurat verksemda vår vere med?

Om verksemda dykkar har fått eit skjema med opplysningsplikt frå SSB, er verksemda trekt ut til ei utvalsundersøking eller er med i ei fulltelling..For å lette oppgåvebyrda rullerer SSB utvalet i undersøkingane. Det er ikkje mogleg å gje noko sikkert svar på kva undersøkingar verksemda skal vere med i. De kan lese meir om opplysningsplikt i statistikklova.

Statistikkloven - opplysningsplikt til offisiell statistikk

Kva skjer hvis vi ikkje svarar?

Om verksemda er trekt ut til ei undersøking med opplysningsplikt, kan SSB gje tvangsmulkt dersom opplysningane ikkje blir sende inn innan fristen. Sjølv om de betalar mulkta, er de pliktige til å levere utfylt skjema. Storleiken på mulkta kan auke dersom de gjentekne gonger ikkje overheld opplysningsplikta. De kan lese meir om tvangsmulkt i forskrift til statistikklova.

Forskrift til statistikkloven - om tvangsmulkt

Korleis veit vi at skjemaet er frå det offentlege?

Ver klar over at ein del av dei skjemaa du får ikkje kjem frå det offentlege. Det går tydeleg fram av skjema og rettleiingsmateriell dersom eit skjema kjem frå ein offentleg etat, og du skal få beskjed om kva lov som gjev deg plikt til å svare, og konsekvensen av å la vere.

Åpne kontaktskjema