Eksport

Dei fleste varene og tenestene kan eksporterast frå Noreg utan at du treng å søkje om løyve. Eksport til land utanfor EU skal i utgangspunktet førehandsmeldast til Tolletaten. Ver merksam på at det kan vere spesielle reglar og restriksjonar på nokre varer. I andre tilfelle kan det vere restriksjonar mot å eksportere til eit bestemt land, eller at mottakarlandet har restriksjonar mot import.


Sjølv om dei fleste brukar speditørar til deklarering, fortolling og frakt, er det ditt ansvar som eksportør å sørgje for at eksporten er i tråd med gjeldande reglar. I denne teksten finn du informasjon om vanlege krav, restriksjonar og løyve, som gjeld for eksport.

Eksportguide

 

Internasjonal handel - betalingsformer og eksportdokumenter

I internasjonal handel er det ein del viktige begrep du må ta stilling til. Det gjeld blant anna betalingsformer, handelsdokument, leveringsvilkår, frihandelsavtalar og opphavsreglar.

Som eksportør er det viktig å kjenne til ulike betalingsformer og leveringsvilkår for å sikre at kunden betalar for varene, og at ansvarsforhold og risiko er avklara mellom kjøpar og seljar. Dei mest vanlege betalingsformene er open rekning, dokumentinkasso, remburs, garantiar og valutaterminar. Det kan lønne seg å ta kontakt med eigen bankforbindelse for å finne den beste betalingsforma for varene dine.

Incoterms 2010 er dei mest brukte salsklausulane. Kort fortalt vil dei ulike klausulane i Incoterms 2010 avgjere på kva for punkt under reisa ansvaret for sendinga blir overført frå seljaren til kjøparen.

Før du kan eksportere ei vare må ein del dokument vere på plass. Desse dokumenta vert kalla eksportdokument eller handelsdokument. Begrepa vert ofte bruka om kvarandre. Transportøren/speditøren vil som regel kunne ta seg av dokumenthandteringa, men det er likevel du som er ansvarleg for at dokumenta inneheld riktige opplysningar.

 

Dei vanlegaste eksportdokumenta er handelsfaktura, pakkliste, utførselsdeklarasjon og fraktdokument. Andre aktuelle dokument kan vere opphavsbevis eller ulike produkt- og helseerklæringar.

 

EksportrestriksjonAr

Dei fleste varene og tenestene kan eksporterast frå Noreg utan at det vert stilt krav om utførselslisens. Strategiske varer, forsvarsmateriell og enkelte andre varer kan likevel ikkje eksporterast utan godkjenning frå Utanriksdepartementet eller andre offentlege instansar.

Eksportkontroll

 

Også levering av visse typar teknologi og tenesteytingar til utlandet krev løyve. I tillegg kan mottakarlandet vere underlagt sanksjonar eller ha eigne importrestriksjonar.

Nokre aktuelle varer som er underlagde restriksjonar er:

  • fisk og fiskeprodukt - krev registrering og godkjenning hos Norges Sjømatråd
  • avfall og kasserte varer - krev nødvendige løyve frå Miljødirektoratet
  • våpen, militært utstyr og andre strategiske varer - krev løyve frå Utenriksdepartementet


Dersom du er i tvil om eksporten av vara di er underlagd restriksjonar, vil Tolletaten kunne hjelpe deg med å avklare regelverket.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema