Import

Dei fleste forbrukarvarene kan importerast til Noreg utan at det er krav om importlisens eller løyve. For ei rekkje varer og varetypar vil det likevel vere krav om registrering og godkjenning, eller at det vert stilt særskilde krav til produkta.


Krav til deg som importør

Før du startar med import frå utlandet er det derfor viktig at du gjer deg kjend med kva for reglar som gjeld, og kva for krav som vert stilte til dei varane du ønskjer å importere. Det er ditt ansvar som importør å sørgje for at du oppfyller alle krava.

Det er i hovudsak tre typar avgifter som kan bli rekna ut ved import: meirverdiavgift, særavgifter og toll.

Fortolling

Ved import av varer må du søkje om løyve frå Tolletaten til å disponere over varene, det vil seie å deklarere importen. Som regel vil det vere ein transportør (eller speditør) som fraktar vara frå leverandøren i utlandet og utfører sjølve deklareringa gjennom Tolletatens fortollingssystem TVINN. Deklarasjonen dannar grunnlaget for utrekninga av toll og avgifter.
Du kan også søkje Tolletaten om løyve til å deklarere gjennom TVINN sjølv. For å kunna gjera rapporteringa sjølv må verksemda oppfylle vilkåra som Tolletaten har sett for dette.

Avgifter

Hovudregelen er at norsk meirverdiavgift (mva) skal leggjast til når ei vare vert importert til Noreg. For ein del varetypar, som for eksempel alkohol og tobakksvarer er det særavgifter ved import. I tillegg vert det rekna toll på nokre varetypar. I hovudsak er det import av tekstilar, matvarer og dyrefôr som vert pålagde toll. Desse avgiftene må ikkje forvekslast med gebyret som transportøren/speditøren tek for å utføre fortollinga, sjølv om dette gebyret ofte vert kalla fortollingsgebyr, tollgebyr eller liknande.

Ei oversikt over tollsatsar finn du i tolltariffen på Tolletatens nettsider.

Tolltariffen

Treng du hjelp til å finne varenummer i tolltariffen med tilhøyrande tollsats, kan du kontakte Tolletaten.

Meirverdiavgift ved import

Mva-grunnlaget ved import vert rekna av tollverdien. Tollverdien er det du har betalt eller skal betale for vara i utlandet, inkludert transport- og forsikringskostnadene til Noreg, og andre kostnader som for eksempel emballasjekostnader, pluss eventuelle toll og særavgifter. Ver merksam på at det er du som må rekne ut mva på importen, og rapportere denne til Skatteetaten via mva-meldingen.

Når du (eller speditøren) har deklarert ein vareimport til Tolletaten, vil du få ei tolldeklarasjonsoversikt i Altinn andre yrkedag i påfølgjande månad. Denne oversikta inneheld alle fortollingar som er gjorde i perioden. Tolldeklarasjonsoversikta i Altinn kan vere til hjelp når du skal fylle ut "mva-meldinga".

Dersom føretaket ditt ikkje er mva-registrert, skal mva betalast til Tolletaten eller via speditøren/transportøren.

Import av tenester

Næringsdrivande som kjøper mva-pliktige tenester frå utlandet må sjølv berekne norsk mva på importen. Dette blir kalla omvendt avgiftsplikt og skal rapporterast til Skatteetaten. Dersom du ikkje driv mva-pliktig omsetning, eller ikkje er mva-registrert ennå, skal du opplyse om mva på import av tenester i skjemaet "Mva-melding for omvendt avgiftsplikt". Dersom du allereie er registrert i mva-registeret skal du berekne norsk mva på importen og rapportere dette i den ordinære mva-meldinga.

Skatteetaten - Hvilken type mva-melding skal du levere?

Særavgifter

Kvart år fastset Stortinget særavgifter på ein del varer som vert produserte i Noreg eller vert importerte hit. Avgiftssatsane og utrekning av avgift vil variere alt etter kva for særavgiftspliktige varer du importerer.

For nokre slike varer, som for eksempel alkohol,  må du registrere deg som særavgiftspliktig hos Skatteetaten, må du registrera deg som særavgiftpliktig hos Skatteetaten seinast ein månad før produksjonen eller innførselen startar. Du vil då oppgje og betale særavgifta via Skattemelding for særavgifter når du tek varane ut av eit lager som er godkjent av Skatteetaten. Lageret må godkjennast i samband med registreringa som særavgiftspliktig.

Skatteetaten – særavgiftsmeldinga

For andre særavgiftspliktige varer, for eksempel tobakk og sukker, kan du velje  å registrere deg som særavgiftspliktig og betale avgifta når du tek vara ut av godkjent lager. Dersom du ikkje er registrert som særavgiftspliktig for den aktuelle vara du importerer, vil transportøren normalt leggje ut for avgiftene ved importen.

Ei oversikt over kva for varer som er særavgiftspliktige finn du på Skatteetatens nettsider.

Avgifter ved kjøp av varer frå utlandet

Eksempel på utrekning av mva ved import av varer utan toll og særavgifter:

Kjøp av varer frå Tyskland 10 000
Forsikringer 100
Transport 500
=Tollverdi 10 600
+Særavgifter 0
+Toll 0
= mva grunnlag 10 600
+25% mva (oppgis i Skattemelding merverdiavgift) 2650
Totalt 13 250

Import av næringsmidler

Dersom du skal importere mat, drikke og andre næringsmiddel må du registrerer deg som importør hos Mattilsynet. Næringsmiddel som vert omsette i Noreg skal vere helsemessig trygge, og innhald og merking skal vere i samsvar med norske reglar. Du er ansvarleg for at regelverket vert overhalde.

Mattilsynet om kommersiell import av mat

Mattilsynet om import av levande fisk m.m.

For å kunne registrere deg som importør hos Mattilsynet må verksemda di vere tildelt eit verksemdsnummer (organisasjonsnummer for undereininga). Mattilsynet har meir informasjon om registreringa på skjemasidene sine.

Mattilsynet – registrering av ny næringsmiddelverksemd

Når du importerer næringsmiddel frå land utanfor EU/EØS-området, må importen meldast til Mattilsynet på førehand. Dette gjer ein gjennom Mattilsynets skjematenester. Det er ikkje meldeplikt for næringsmiddel frå EU/EØS.

Import av alkohol

Alle som importerer alkoholhaldige drikkevarer må registrere verksemda som importør av næringsmiddel hos Mattilsynet. Dersom du importerer drikkevarer frå land utanfor EU/EØS skal importen førehandsmeldast til Mattilsynet.

Mattilsynet om kommersiell import av mat

Ved eigenimport av alkohol må du hugse å deklarere importen ved tollstaden når du passerer grensa.

Dersom du importerer eller produserer alkoholhaldige drikkevarer for sal til sluttbrukar gjennom eigen utsalsstad må du ha løyve for dette. Det vil normalt vere utvida kommunal skjenkeløyve eller salsløyve for alkohol som er aktuelt.

Verksemder som importerer eller produserer alkoholhaldige drikkevarer, må registrere seg som særavgiftspliktig verksemd hos Skatteetaten, seinast ein månad før produksjonen eller innførselen startar. Du vil då gje opp og betale særavgifta via Skattemelding for særavgifter når du tek varene ut av eit lager som er godkjent av Skatteetaten. Lageret må godkjennast i samband med registreringa som særavgiftspliktig.

Skatteetaten – registrera verksemd som særavgiftpliktig

Skatteetaten – avgift på alkoholholdige drikkevarer

Helsedirektoratet om innførsel av alkohol frå utlandet

Helsedirektoratets bevillingsregister

Dropshipping

Dropshipping er ein "forretningsmodell" der du har ein nettbutikk utan lager. Når kundane tingar varer frå nettbutikken, vil du som regel ha ein avtale med ein eller fleire leverandørar, der desse sender varene direkte til kundane dine.

Fordelen med denne forretningsmodellen er i hovudsak at du slepp lagringskostnader, og du unngår risikoen ved å kjøpe inn eit varelager. Det er likevel også ein del utfordringar med denne modellen. 
Vi tek ikkje sikte på å gi ei fullstendig oversikt over moglege utfordringar, eller korleis du eventuelt kan løyse desse, men ein del utfordringar er det viktig å vere klar over. For eksempel kan drppshipping innebere dårlegare leverandørsikkerheit (vanskelegare å vite om vara er tilgjengelig, og større usikkerheit jamført med om kunden faktisk får vara). Det kan også oppstå problem knytte til reklamasjonar og betaling av avgifter i samband med importen.

Når du driv dropshipping er det risiko for at kunden din må betale mva to gonger (både ved betaling i nettbutikken og når vara vert motteken frå transportøren). For å unngå dette er det vanleg å avtale at avsendaren i utlandet påfører namnet ditt (namnet på nettbutikken) som fakturamottakar på tolldokumenta. Du vil då få tolldokumenta som dannar grunnlaget for mva-rapporteringa di, mens kunden får vara.

Dersom verksemda di ikkje er blitt mva-registrert ennå, må transportøren utføre fortollinga og leggje ut mva for deg.

Dersom kundane dine er i utlandet skal du ikkje berekne norsk mva på sala, då omsetninga skjer utanfor norsk meirverdiavgiftsområde. Eksport er fritatt frå norsk mva. Dette betyr at du må sørge for å ha eit betalingssystem som kan skilje mellom norske og utanlandske kundar. Det kan også vere kompliserte problemstillingar knytt til meirverdiavgift, eller tilsvarande avgifter, dersom både leverandøren og kunden er innan same avgiftsområde ( for eksempel EU).

Åpne kontaktskjema