8,6 milliardar til å styrke næringslivet

Regjeringa satsar vidare på grøn vekst og omstilling, og løyver store beløp til mellom anna Grøn plattform, Nysnø, Ocean Space Center og InvestEU.


– Forsking og innovasjon i næringslivet er viktig for å skape vekst i økonomien, trygge arbeidsplassar og gode liv i heile landet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa prioriter om lag 8,6 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon i 2022. Dette er 3,7 milliardar kroner meir enn da regjeringa tok over i 2013.

Satsar på grøn vekst

I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre Grøn plattform, og set av 252,7 millionar kroner for 2022 til ein ny utlysingsrunde. Regjeringa vil med dette leggje til rette for å finansiere fleire grøne prosjekt i åra framover.

– Norsk økonomi treng fleire bein å stå på, og vi vil leggje til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv. Grøn plattform er eit viktig tiltak for å sikre lønnsam grøn omstilling, seier næringsministeren.

Regjeringa vil og sette av 900 millionar kroner til ny kapital til selskapet Nysnø Klimainvesteringer.

– Utvikling og kommersialisering av ny teknologi krev tilgang på kapital og kompetanse. Saman med private investorar tilfører Nysnø begge deler. No kan selskapet investere i enda fleire verksemder som arbeider med klimavenleg teknologi, seier Nybø.

Vil starte bygging av Ocean Space Centre

Regjeringa fremmer forslag om ei løyving på 500 millionar kroner til å starte bygging av Ocean Space Centre

– Oppgraderinga av dei marintekniske laboratoria i Trondheim er eit viktig prosjekt for denne regjeringa. Prosjektet er omtala i Granavolden-erklæringa, i regjeringas langtidsplan for forsking og i regjeringas havstrategi. Ved oppstart i 2022 kan Ocean Space Centre stå ferdig i 2028, seier Nybø.

Regjeringa prioriterer EU-programmet Invest EU

For å gje norske verksemder tilgang til lån-, garanti og eigenkapitalordningar frå EU, legg regjeringa opp til brei deltaking i InvestEU-programmet. Programmet er venta å starte frå årskiftet 2021/22 og varar til 2027. I budsjettet for 2022 er det satt av 192 millionar kroner til norsk deltaking.

– Grøn omstilling går utanfor landegrensene, og deltaking i InvestEU vil bidra til å gi norsk næringsliv tilgang til dei same verkemidla som næringslivet i våre naboland. InvestEU er sentralt for det grøne skiftet og omstillinga i europeisk økonomi, seier næringsministeren.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema