Må eg ha rekneskapsførar?

Det er inga lov som seier at du må bruke ein rekneskapsførar til å føre rekneskapen din. Det er du som er ansvarleg for at rekneskapen til føretaket ditt blir ført korrekt. Har du kunnskap, tid og interesse for det, er det absolutt mogleg å gjere det sjølv.


Er rekneskapsføraren din godkjent?

Vel du å bruke ein ekstern rekneskapsførar, må du sørgje for at du kjøper tenesta frå eit godkjent rekneskapsføretak. Finanstilsynet har ei oversikt over godkjende rekneskapsføretak. Er du i tvil om vedkomande er godkjent kan du sjølv sjekke Finanstilsynets virksomhetsregister.

Finanstilsynets konsesjonsregister

Ekstern rekneskapsføring

Når du brukar ein ekstern rekneskapsførar må du melde frå til Einingsregisteret om kven som skal vere rekneskapsførar for føretaket ditt. Dette kan du gjere når du registrerer føretaket eller seinare ved å melde ei endring i dei registrerte opplysningane. Både registreringa og endringa melder du på skjemaet Samordna registermelding. Rekneskapsføretaket skal i meldinga stadfeste at det har teke på seg oppdraget ved å signere meldinga elektronisk.

Regnskapsførerloven

Intern rekneskapsføring

Dersom du tilset ein person og betalar vedkomande lønn for å føre rekneskapen din, krevst det ikkje at personen har godkjenning som statsautorisert rekneskapsførar. Det er når du kjøper rekneskapstenesta og får ein faktura for oppdraget at det krevst godkjenning.

Åpne kontaktskjema