Må eg ha revisor?

Alle som er pliktige til å revidere årsrekneskapen må ha ein revisor. Om du har revisjonsplikt er blant anna avhengig av kva for organisasjonsform du har og storleiken på føretaket.


Nokre bransjar har revisjonsplikt gjennom særreglar. Advokatar, rekneskapsførarar og eigedomsmeklarar er eksempel på dette.

Revisjon er ein kontroll og ei gransking av rekneskapen din. Er du revisjonspliktig må du velje eit godkjent revisjonsselskap eller ein registrert eller statsautorisert revisor til å utføre denne kontrollen. Etter gjennomgangen skal revisoren lage ei revisjonsmelding som skal sendast inn saman med årsrekneskapen. Dersom revisoren har merknader, skal det kome fram i denne meldinga.

Revisorloven om revisjonsplikt

 

Revisoren skal ikkje ha noko tilknyting til føretaket ut over å vere revisor. Revisorlova stiller strenge krav til sjølvstende. Har du for eksempel ein bror som er revisor kan vedkomande ikkje vere revisor for føretaket ditt.

Søk etter godkjent revisor

Revisorloven om revisors opplysningsplikt

 

Aksjeselskap (AS)

Små aksjeselskap treng vanlegvis ikkje å ha revisor. Dei kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette vert kalla fråval av revisjon.

Selskapet kan velje bort revisjon dersom:

  • driftsinntektene er mindre enn 6 millionar kroner, og
  • balansesummen er under 23 millionar kroner, og
  • gjennomsnittleg tal på tilsette er under 10 årsverk

Fråval av revisjon i AS

Nye selskap

Dersom det i stiftelsesdokumentet ikkje vert valt revisor, skal ikkje årsrekneskapen reviderast.

Eksisterande selskap

Ved fråval av revisjon i eksisterande selskap vert føregåande årsrekneskap bruka som grunnlag for vurderinga. Viser årsrekneskapen at selskapet er under grensene, kan generalforsamlinga vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, og selskapet kan seie opp revisoren. Fråval av revisjon melder ein via Altinn på skjema Samordnet registermelding, og er gjeldande så snart det er registrert i Føretaksregisteret. 

Revisjonsplikt i AS inntrer

Når driftsinntektene, balansesummen eller årsverka overstig grensa, inntrer revisjonsplikta frå og med året etter.

Aksjeloven om fravalg av revisjon

Forskrift om terskelverdier for beslutning om å unnlate revisjon etter aksjeloven

 

Eksempel:

Eksempelbedrifta AS starta opp i 2012. Bedrifta har inntekter på under 5 millionar (6 millionar frå 2018) dei første åra, og tilfredsstiller elles krava for å kunne velje bort revisjon. Dei har vald å nytte seg av moglegheita, og har vald bort revisjon av årsrekneskapen.

I år 2015 får dei ein ekstraordinær stor leveranse, og har 7 millionar kroner i inntekter dette året. Det betyr at dei blir revisjonspliktige for det påfølgjande året, altså for året 2016.

I 2016 omset dei for 4 millionar, men må likevel revidere rekneskapen i og med at det er forrige års rekneskap (2015) som vert lagd til grunn.

I 2017 melder dei igjen fråval av revisjon, på bakgrunn av at inntektene for 2016 er under grensa.

Morselskap i konsern

Eit aksjeselskap som er morselskap i konsern kan vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, når vilkåra for terskelverdiane er oppfylte for konsernet sett som ein heilskap.

Aksjeloven - definisjon av konsern

 

Enkeltpersonføretak

Små enkeltpersonføretak har normalt ikkje revisjonsplikt. Revisjonsplikta inntrer når omsetninga er på meir enn 5 millionar kroner og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylt:

  • Balansen viser eigedelar på over 20 millionar, eller
  • Gjennomsnittleg tal på tilsette er på over 20 årsverk.

 

Ansvarlege selskap (ANS/DA)

Små ansvarlege selskap har vanlegvis ikkje revisjonsplikt.

Eit ansvarleg selskap får revisjonsplikt under følgjande føresetnader:

  • Driftsinntektene er på 5 millionar kroner eller meir, eller
  • Talet på deltakarar er over 5, eller
  • Dersom alle deltakarane er juridiske personar og har eigedelar i balansen for over 20 millionar eller gjennomsnittleg tal på tilsette er meir enn 10 årsverk.

Samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak blir revisjonspliktig når driftsinntektene er på 5 millionar kroner eller meir.

NUF

Eit NUF som er skattepliktig til Noreg har revisjonsplikt når driftsinntektene er på 5 millionar kroner eller meir.  

Når inntrer revisjonsplikta og når fell ho bort?

Når grensene vert passerte og føretaket blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta det påfølgjande året (for aksjeselskap gjeld eigne reglar). Når du er revisjonspliktig må driftsinntektene vere under grensa to år på rad før du kan seie opp revisoren. Revisjonsplikta fell bort frå og med det tredje året. 

Særattestasjonar

Ver merksam på at sjølv om føretaket ditt ikkje har plikt til å revidere årsrekneskapen kan enkelte hendingar krevje ein særskild attestasjon av ein revisor.

For eksempel krev aksjelova at eit avviklingsrekneskap i eit AS skal vere revidert. Det betyr at eit aksjeselskap som ikkje er revisjonspliktig likevel må få ein revisor til å revidere avviklingsrekneskapen då dette er gjeve i ein særregel.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema