Purring og inkasso

Dersom kundane ikkje betalar, tapar du fort pengar. Det er derfor viktig å følgje opp kundefordringane heile tida.


Gebyr

Ønskjer du å ta purregebyr må du vente minst 14 dagar etter opphaveleg forfall med å purre eller sende inkassovarsel. Du kan maksimalt krevje to purregebyr. Anten for to purringar, eller for ei purring og eitt inkassovarsel. Sender du betalingsfordringa sjølv kan du i tillegg krevje maksimalt kroner 105 i gebyr for denne. Det skal ikkje reknast meirverdiavgift av desse gebyra.

Inkassoforskriften – fordringshavers rett til gebyrmessig erstatning

Forseinkingsrente

Når ein kunde ikkje betalar kan du rekne ut renter på kravet frå dagen etter forfall dersom du har gjeve opp forfallsdatoen på fakturaen. Dersom forfallsdato ikkje er skriven på fakturaen, kan du berekne forseinkingsrente på kravet tidlegast 30 dagar etter fakturadatoen.

Rentesats

Finansdepartementet fastset to gonger i året ein maksimal sats for forseinkingssrenta.

Finansdepartementet om forsinkelsesrente og standardkompensasjon

Forseinkingsrente mellom næringsdrivande

Når kunden er næringsdrivande har du høve til å avtale ein høgare sats for forseinkingsrenta enn den som er fastsett av Finansdepartementet. Dette må du då gje opp på fakturaen du sender ut, eller i eigen avtale. Dersom du ikkje har avtalt særskild forseinkingsrente kan du maksimalt krevje den satsen som er fastsett av Finansdepartementet.

Forseinkingsrente i forbrukarforhold

Mot forbrukarar (privatpersonar) har du ikkje lov til å krevje meir enn den forseinkingsrenta som er fastsett av Finansdepartementet..

Kalkulator for forsinkelsesrenten

Forsinkelsesrenteloven

Standardkompensasjon

Dersom kunden er næringsdrivande eller offentleg myndigheit, kan du i tillegg til forseinkingsrenter krevje ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader. Denne er på maksimalt kroner 470. Standardkompensasjonen kan krevjast dagen etter forfallsdatoen på fakturaen, og krevst i staden for eventuelt purregebyr.

Finansdepartementet om forsinkelsesrente og standardkompensasjon

Purring

Etter forfall er det fritt opp til deg kor lenge du vil vente med å purre på innbetalinga, og kor mange gonger du vil purre før du eventuelt sender inkassovarsel. Du kan gjerne purre dagen etter forfall om du ønskjer. Du kan også sende inkassovarsel dagen etter forfall, utan noka føregåande purring.

Skal du krevje gebyr på purringa må følgjande krav vere oppfylte:

  • Minst 14 dagar sidan forfall
  • Purringa skal sendast skriftleg. Elektronisk kommunikasjon kan nyttast dersom meldinga er send på ein "trygg måte"
  • Det må være ein betalingsfrist på 14 dagar
  • Det må kome fram kva kravet gjeld. Det held likevel med å vise til fakturanummeret
  • Storleiken på beløpet

Inkassovarsel

Før du sender ei sak til inkasso må du alltid sende eit inkassovarsel. Du kan i prinsippet sende eit inkassovarsel til kunden dagen etter forfall. Hugs berre at du ikkje kan krevje gebyr før tidlegast 14 dagar etter forfall. Det er viktig å følgje dei formelle krava for at inkassovarselet skal vere gyldig.

  • Eit inkassovarsel skal sendast skriftleg. Elektronisk kommunikasjon kan nyttast dersom meldinga er send på ein "trygg måte"
  • Inkassovarselet må vere tydeleg merka med "Inkassovarsel" eller "Varsel om inkasso"
  • Det kan sendast dagen etter forfall på opphaveleg faktura dersom du ikkje vil krevje purregebyr
  • Dersom du vil krevje purregebyr må du vente med å sende varselet til 14 dagar etter forfall
  • Betalingsfristen må vere på 14 dagar
  • Det må klart kome fram at saka vert send til inkasso eller vert overført til eit inkassobyrå for vidare inndriving, dersom beløpet ikkje vert betalt 

Omstridde krav

Dersom kunden ikkje er einig i kravet kan du som hovudregel ikkje sende saka til inkasso. Då må du få dom på kravet, for eksempel i forliksrådet. Dette med mindre argumenta er openberre grunnlause. Det er du som må vurdere dette.

Overføre saka til inkassoselskap (framandinkasso)

Samarbeider du med eit inkassoselskap kan du overføre saka til dei for inndriving når kravet ikkje vert gjort opp. Kor i prosessen du overfører fordringa til inkassoselskapet er opp til dykk å avtale. Mange vel å overføre alle forfalne fordringar for inndriving av inkassoselskapet og la dei gjere heile jobben. Andre vel å purre sjølv først og la inkassoselskapet sende inkassovarselet og betalingsfordringa. Inkassoselskapa får då vanlegvis dei gebyra som er kravde inn. På den andre sida slepp du å bruke tid på saka.

Eigeninkasso

Dersom du vel å køyre prosessen med inndriving sjølv, vert dette kalla for eigeninkasso. Nokon vel ein "snill" variant og sender fleire venlege purringar før dei sender inkassovarselet. Andre sender inkassovarselet dagen etter forfall. Korleis du vil gjere det er opp til deg.

Inkasso

Når fordringa er gått til inkasso, sender ein ei betalingsfordring. Betalingsfordringa kan tidlegast sendast 14 dagar etter at inkassovarselet er sendt og skal ha minimum 14 dagars betalingsfrist. Ved eigeninkasso kan du  maksimalt krevje kroner 105 i gebyr for betalingsfordringa, i tillegg til kroner 70 for sendt purring og inkassovarsel, som samlet blir kroner 175.

Inkassoforskriften

Rettsleg inkasso/Tvangsfullføring ved eigeninkasso

Dersom ikkje inkasso- og betalingsvarselet fører fram er siste trinn i prosessen å drive inn beløpet med bistand av namsmannen.

Politiet om begjæring av utleggsforretning

Politiet om tvangsdekning

Eksempel:

Eksempelbedriften AS har valgt eigeninkasso. Dei har valt å sende ei purring før inkassovarselet. Prosessen blir då slik:

  1. Purring med gebyr (35 kroner) sender ein 14 dagar etter opphaveleg forfall på fakturaen, med 14 dagars betalingsfrist
  2. Inkassovarsel med gebyr (35 kroner , i tillegg til kroner 35 for sendt purring
    ) sender ein 14 dagar etter purringa, med 14 dagars betalingsfrist
  3. Betalingsfordring med gebyr (105 kroner , i tillegg til kroner 70 for sendt purring og inkassovarsel) sender ein 14 dagar etter inkassovarselet, med 14 dagars betalingsfrist
  4. Begjæring om direkte utlegg sender ein namsmannen for tvangsfullføring, det vil seie rettsleg inndriving av kravet med bistand av myndigheitene (namsmannen).
Åpne kontaktskjema