Årsmelding
Større rekneskapspliktige verksemder må i tillegg til årsrekneskapen også utarbeide ei årsmelding. Årsmeldinga er ikkje ein del av årsrekneskapen, men kjem i tillegg til denne. Årsmeldinga skal vere godkjend av generalforsamlinga eller tilsvarande organ seinast seks månader etter rekneskapsårets slutt.
Kven skal levere?
Har du ei rekneskapspliktig verksemd som etter rekneskapslova kjem inn under definisjonen av "små føretak" treng du ikkje utarbeide årsmelding. Eit av kriteria er blant anna at du har ei salsinntekt på under 70 millionar kroner. Dei fleste rekneskapspliktige verksemder vil vere å rekne for små i rekneskapsmessig forstand, og treng ikkje levere årsmelding.
Rekneskapslova om årsrekneskap og årsmelding
Innhald i årsmeldinga
Årsmeldinga er ei utgreiing frå styret og dagleg leiar som blant anna viser utviklinga i verksemder og føresetnader for framleis drift. Uttømmande informasjon om kva som skal vere med i årsmeldinga vert gjeven i rekneskapslova.
Rekneskapslova om årsmelding for store føretak
Underskrift av årsmeldinga
For rekneskapspliktige som har styre, skal alle styremedlemane skrive under årsrekneskapen og årsmeldinga. Har verksemda dagleg leiar, skal også denne skrive under. Har den rekneskapspliktige korkje styre eller dagleg leiar, skal deltakarane eller medlemane skrive under. Dersom ein som skal signere meldinga har innvendingar til årsrekneskapen eller årsmeldinga, skal vedkomande skrive under med signert atterhald, og forklare dette nærmare i årsmeldinga.
Rekneskapslova om underteikning av årsrekneskapen og årsmeldinga
Innsending til Rekneskapsregisteret
Er verksemda di pliktig til å utarbeide årsmelding, skal denne sendast til Rekneskapsregisteret saman med årsrekneskapen.