Årsrekneskap for konsern

Eit morselskap og eitt eller fleire dotterselskap utgjer eit konsern. For å verte rekna som eit morselskap må du ha bestemmande innverknad over eit anna selskap, anten som eigar av aksjar eller delar, eller gjennom annan avtale.


Er du morselskap i eit konsern må du i tillegg til selskapsrekneskapen utarbeide ein konsernrekneskap. Dette utarbeider ein ved å slå saman rekneskapane til morselskapet og dotterselskapa. Formålet er å vise stillinga til konsernet som ei økonomisk eining. Ved utarbeidinga av konsernrekneskapen må alle transaksjonane mellom mor og dotterselskapet takast ut av rekneskapen (eliminerast).

Unntak frå konsernrekneskapsplikta

Verksemder som kjem inn under definisjonen av små føretak i rekneskapslova, kan som hovudregel unnlate å utarbeide konsernrekneskap. Det er konsernet samla sett som må kome inn under definisjonen av små føretak for å nytte seg av dette unntaket.

Eit morselskap vil heller ikkje vere pliktig til å utarbeide konsernrekneskap dersom dotterselskapa, både kvar for seg og samla, er av uvesentleg betydning for verksemda.

Plikta til å utarbeide konsernrekneskap gjeld normalt heller ikkje for rekneskapspliktige som sjølv er dotterselskap. Dette er under føresetnad av at morselskapet høyrer heime i ein EØS-stat og utarbeider konsernrekneskap som omfattar dotterselskapet.

Kva skal sendast inn?

Når verksemda er morselskap i konsern og konsernrekneskapspliktig må du saman med årsrekneskapen for selskapet også sende inn:

  • Resultatrekneskap for konsernet
  • Balanse for konsernet
  • Notar til rekneskapen for konsernet
  • Kontantstrømoppstilling for konsernet
  • Revisjonsmelding for konsernet (dersom revisjonspliktig).

I tillegg skal det utarbeidast og sendast inn årsmelding for konsernet.

Regnskapsloven om årsregnskapet innhold og unntak fra konsernregnskapsplikten

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema