Bokføringsplikt

Bokføringsplikt betyr at du må føre rekneskap etter bokføringsreglane. Desse reglane er gjevne i bokføringslova og bokføringsforskrifta. I bokføringsreglane får du blant anna svar på: Kva skal ein faktura innehalde? Kva krevst av andre vedlegg? Kor lenge skal du oppbevare vedlegga? Kva krevst av rekneskapssystemet?


Kven er bokføringspliktig?

Alle som leverer næringsoppgåve og/eller mva-melding til myndigheitene er bokføringspliktige. Alle som har årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova er også bokføringspliktige. Dei aller fleste som driv næringsverksemd må altså føre rekneskap etter bokføringsreglane. Ver merksam på forskjellen mellom bokføringsplikt og rekneskapsplikt.

Skatteetaten om bokføring og regnskap

Unntak frå bokføringsplikta

Nokre personlege næringsdrivande er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Vilkår for fritak er blant anna at du har inntekter under kr 50 000,- og ikkje er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Har du fritak frå å levere næringsoppgåve, har du heller ikkje bokføringsplikt.
Du må likevel dokumentere alle inntektene og kostnadene dine, og oppbevare dette i samsvar med bokføringsreglane.

Skatteetaten om fritak fra bokføringsplikten

Kva er bokføring?

Bokføring betyr å føre rekneskap. Alle kjøp og sal som påverkar bedrifta skal førast i rekneskapssystemet til bedrifta. Bokføring blir også kalla for registrering eller postering.

Kor ofte må eg føre rekneskapen?

Du må sørgje for å ha ført alle vedlegga slik at rekneskapen er korrekt innan fristane for rapportering av ulike oppgåver til myndigheitene. Er du mva-pliktig og leverer mva-melding kvar andre månad må du følgjeleg vere ajour seks gonger i året. Dersom du ikkje er mva-pliktig må du etter bokføringsreglane minst være ajour kvar fjerde månad.

Har du mindre enn 600 vedlegg i året og ikkje er mva-pliktig kan du avvente bokføringa til du skal sende inn skattemeldinga og næringsoppgåva. Det vert likevel anbefalt å gjere dette jamleg. Eit ryddig system for å ta vare på vedlegga undervegs er uansett alltid ein fordel.

Skatteetaten - om gode rutiner for daglig drift

Bokføringsloven

Bokføringsforskriften

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema