Faktura (salsdokumentasjon)

Det er klare krav til kva opplysningar du må ha med i ein faktura som du sender til kundane dine. Eit viktig krav er at du ikkje skal kunne bestemme fakturanummeret.


Det er derfor berre to måtar å skrive ut ein faktura på:

  • Bruke eit fakturaprogram kor fakturanummer vert tildelte maskinelt, eller
  • Bruke fakturablankettar med påtrykte fakturanummer frå eit trykkeri. Her må også føretaksnamnet og organisasjonsnummeret kome fram

Bokføringsforskrifta om nummerering og datering av salsdokument

Fakturaen må innehalda:

  • Datoen for salet
  • Seljaren sitt namn og organisasjonsnummer
  • Bokstavane MVA etter organisasjonsnummeret dersom du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret
  • Kjøparen sitt namn og si adresse eller organisasjonsnummeret
  • Ei klar beskriving av vara eller tenesta
  • Tidspunkt og stad for levering av vara eller tenesta
  • Pris med MVA spesifisert i norske kroner
  • Total pris
  • Vederlag
  • Betalingsfrist

For aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) må ordet "Føretaksregisteret" kome fram på fakturaen. Det same gjeld for norskregistrerte utanlandske føretak som er registrerte i Føretaksregisteret. Eksempel: Bedrifta AS, org.nr 123 456 789 MVA Føretaksregisteret.

Dersom du på same faktura har både mva-pliktige og mva-frie sal må du spesifisere dette på eigne linjer. Har du ulike mva-satsar skal dette også spesifiserast på eigne linjer i fakturaen.

Bokføringsforskrifta om dokumentasjon av sal av varer og tenester

Kreditnota

Har du sendt ut feil faktura, eller ønskjer å endre ein utsend faktura av andre grunnar, kan du lage ein kreditnota. Ein kreditnota vert bruka for å korrigere ein tidlegare faktura. Det er same krav til dokumentasjon av ein kreditnota som det er til ein faktura. Når ein kreditnota skal rette feil i ein tidlegare utsend faktura skal han alltid innehalde ein referanse til fakturaen det gjeld.

Rekneskapsstiftinga om utferding av kreditnota

Sal over internett (netthandel)

Sel du varer eller tenester over internett (nettbutikk, appar og liknande) skal salet dokumenterast etter dei ordinære reglane for kredittsal (faktura). Dette gjeld sjølv om salet i utgangspunktet er å rekne som kontantsal etter bokføringsreglane.

Med sal over internett meinast sal der kunden både bestiller og betalar via ei nettløysing utan at vedkomande må fysisk innom forretningsstaden. Har du for eksempel ei løysing der kunden kan bestille ei vare over nett, men må hente og betale vara i butikk, vil dette reknast som eit ordinært kontantsal.

Skatteetaten om internettsal etter kassasystemlova og bokføringsforskrifta

Elektronisk faktura

Ein elektronisk faktura blir send som ei datafil frå fakturautferdar til mottakar. Fila skal kunne importerast direkte i fakturamottakaren sitt økonomisystem og behandlast maskinelt. Eit PDF-dokument er ikkje ein elektronisk faktura.

Sel du til ei offentleg verksemd vil dei krevje at du sender faktura elektronisk for innkjøp som er omfatta av anskaffingslova (over 100 000 kroner eksklusive meirverdiavgift). Dokumenta må vere i samsvar med standarden "Elektronisk handelsformat" (EHF).

Digitaliseringsdirektoratet om EHF-standarden

Forskrift om elektronisk faktura i offentlege innkjøp

Dersom du ikkje har eit fakturasystem som støttar EHF-standarden, finst det ulike webfakturaportalar som leverer løysingar der du kan sende ein slik faktura frå.

Åpne kontaktskjema