Periodisering (tidfesting)

For at rekneskapen skal vise eit mest mogleg korrekt bilete av verksemda må du plassere inntekter og kostnader i rett periode. Dette vert vanlegvis kalla periodisering eller tidfesting. Større verksemder gjer gjerne ei slik vurdering kvar månad når rekneskapen vert avslutta. Har du ei lita verksemd held det som regel at du tar denne gjennomgongen når året skal avsluttast.


Eksempel:

Eksempelbedrifta AS betalar både husleige og forsikring på forskot 1. januar og 1. juli. Utan periodisering ville kostnadene i januar og juli blitt uforholdsmessig høge. Eksempelbedrifta AS rapporterar internt månadlege rekneskap og vil ha dette så korrekt som mogleg. Husleige og forsikring vert derfor fordelte kvar månad i rekneskapen.

Andre typiske periodiseringspostar er inntekter, avskrivingar, varelagerendringar, strøm, forsikring og renter.

Periodisering av inntekter

Inntekter skal vere med i rekneskapen i den perioden dei er opptente. Har du utført eit oppdrag eller solgt ei vare, og ikkje sendt faktura for dette innan utgangen av månaden, må du periodisere dette inn i rekneskapen. Motsett gjeld dersom du har sendt og bokført ein faktura på forskot. Då må du periodisere inntekta ut av resultatrekneskapen.

Periodisering av kostnader

Du må også sørgje for å frådragsføre dei kostnadene du faktisk har forbruka i perioden for å skape inntektene.

Varehandel

Driv du varehandel må du frådragsføre kostnadene du har hatt for dei varene du har selt. Har du for eksempel mange varer på lager blir det feil å frådragsføre desse. Desse er ikkje selde og har ikkje gjeve inntekter for verksemda ennå. Det er derfor viktig å ha oversikt over varelageret i samband med avslutning av ein periode dersom du har varer av betydning på lager. Større varehandelsbedrifter har gjerne lagerstyringssystem som held løpande oversikt over varebeholdninga, og utfører vareteljing ein gong i året som ein kontroll og justering av lagersystemet.

Rekneskapslova om grunnleggande rekneskapsprinsipp

Skatte-ABC om tidfesting

Åpne kontaktskjema