Rekneskapssystem

Eit rekneskapssystem må vere systematisk og oversiktleg. Det skal blant anna vere bygd opp på ein måte som gjer at du kan køyre ut rapportar som du er pliktig til å sende til myndigheitene.


Val av rekneskapssystem

Det finst i dag mange gode rekneskapssystem med mykje innebygd hjelp og automatiserte føringar. Mange system blir bygde opp rundt ulike modular slik at du ikkje betalar for meir enn du treng. Utan tilsette treng du for eksempel ikkje funksjonar for å køyre lønn. Søk på nettet og ta gjerne kontakt med ulike leverandørar før du bestemmer deg.

SAF-T (Standard Audit File-Tax)

Alle som har rekneskapen tilgjengeleg elektronisk skal kunne utlevere rekneskapsdata til Skatteetaten i eit gitt standard format – SAF-T (Standard Audit File-Tax). Sjekk at rekneskapssystemet støttar den nye standarden.

Verksemder med mindre enn 5 millionar kroner i omsetning er i utgangspunktet unntatte frå kravet om å utlevere rekneskapsdata i SAF-T-format. Dersom verksemda likevel har bokførte opplysningar elektronisk tilgjengelege, blir dei omfatta av kravet.

Skatteetaten om SAF-T Rekneskap

Rekneeark i bokføringa

Dersom verksemda di har færre enn 600 vedlegg i året har du lov til å bruke eit rekneeark til bokføringa. Bruk av eit manuelt rekneark stiller likevel større krav til kunnskap om korleis bokføringa skal gjerast, og det er lettare å gjere feil. Norsk Regnskapsstiftelse har utarbeidd ein standard som omhandlar bruk av tekstbehandlings- og rekneskapsprogram i bokføringa (NBS 6). Det kan vere lurt at du set deg inn i denne før du eventuelt vel å føre rekneskapen i eit rekneeark. Dersom du bruker rekneark i bokføringa er det ikkje krav om at du skal kunne utlevere rekneskapsdata til Skatteetaten i SAF-T-format.

Rekneskapsstiftinga- NBS 6 - bruk av tekstbehandlings- og reknearkprogram

Innsending av skattemelding frå system

Frå og med inntektsåret 2023 må alle selskap sende skattemeldinga i standardformat via eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram. Enkeltpersonføretak kan levere via rekneskaps- eller årsoppgjersprogram, eller direkte på skatteetaten.no.

Enkeltpersonføretak/personleg næringsdrivande med omsetning som ikkje overstig 50 000 kroner kan opplyse om sum driftsinntekter og sum driftskostnader utan å spesifisere ytterlegare. Desse treng ikkje å sende inn gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Skatteetaten om innsending av skattemelding frå system

Åpne kontaktskjema