Frivillig meirverdiavgiftsregistrering

Enkelte verksemder som i utgangspunktet ikkje er mva-pliktige, kan søkje om frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret.


Kven kan frivillig registrerast?

Følgjande verksemder kan registrerast frivillig i Meirverdiavgiftsregisteret:

  • utleigar av bygg og anlegg til mva-pliktig verksemd
  • bortforpaktarar av landbrukseigedom
  • utbyggjar av vann- og avløpsanlegg
  • skogsvegforeiningar
  • verksemder som stiller baneanlegg til disposisjon for mva-pliktig verksemd.

Frivillig mva-registrering gjev rett til frådrag for inngåande mva på anskaffingar til verksemda. Søknad om frivillig registrering blir gjord på Skatteetatens nettsider.

Skatteetaten om å registrere i Merverdiavgiftsregisteret

Merverdiavgiftshåndboken om frivillig registrering

Åpne kontaktskjema