Meirverdiavgift for utanlandske føretak

Skal du som utanlandsk føretak utføre oppdrag i Noreg, må du ta stilling til dei norske mva-reglane på same måte som norske verksemder.


Registeringsplikt

Dersom du utfører eit oppdrag kor omsetninga i Noreg overstig 50 000 kroner i løpet av ein periode på tolv månader, skal du registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret.

Registreringa i Meirverdiavgiftsregisteret må gjerast uavhengig av varigheita på oppdraget. Er du for eksempel i Noreg i to dagar og utfører eit oppdrag som overstig 50 000 kroner, skal verksemda registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret.

For å kunne registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret, må verksemda først eller samstundes registrerast i Einings- eller eventuelt Føretaksregisteret.

Meirverdiavgiftslova

Forskrift til meirverdiavgiftslova

Mva-representant

Dersom du som utanlandsk føretak skal registrere deg i Noreg, og ikkje har fast forretningsstad her, må du registrerast med ein norsk mva-representant. Dette må gjerast når du registrerer verksemda di i Einings- eller eventuelt Føretaksregisteret. 

Både du og representanten er ansvarlege for at bokføringsreglane vert overhaldne. I tillegg skal salsdokumenta også innehalde namnet og adressa til representanten. Både du og representanten skal oppbevare eit eksemplar av salsdokumentet.

Kven treng ikkje meirverdiavgiftsrepresentant

Det er unntak frå plikta til å ha meirverdiavgiftsrepresentant for føretak heimehøyrande i EØS-landa: 

Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn eller Østerrike.

Føretak frå desse landa kan altså registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret utan mva-representant.

Dersom du kjem frå eit av landa nemnde ovanfor, kan du velje om du vil bruke representant eller ikkje. Vel du representant, vil ikkje denne ha noko solidaransvar for innbetalinga av mva. 

Slik registrerer du deg i Meirverdiavgiftsregisteret

Meirverdiavgiftsregistrering skjer via Skatteetaten sine nettsider.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Du får ikkje tildelt eige mva-nummer. For å vise at verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret fører du på bokstavane MVA etter verksemda sitt organisasjonsnummer på forretningsdokumenta.

Meirverdiavgiftlova om registreringsplikt

Sal av varer og fjernleverbare tenester til norsk forbrukar (VOEC)

Utanlandske føretak som sel varer med verdi inntil 30 000 kroner eller som sel fjernleverbare tenestersom for eksempel programvare og konsulenttenester leverte over internett uansett verdi til norske privatkundar (forbrukarar i Noreg), kan føreta ei forenkla mva-registrering hos Skatteetaten gjennom ordninga VOEC (Value added tax on e-commerce).

Ved registrering gjennom VOEC skal det utanlandske føretaket berekne, krevje inn og betale meirverdiavgifta på salet. Sidan mva allereie er lagt på kjøpet, blir det ved sal av varer ikkje kravd inn mva på VOEC-varer ved grensepassering.

Føretaket vil ved slik forenkla registrering få tildelt eit eige VOEC id-nummer som vareforsendinga skal vere merka med og som skal bli brukt i samband med rapportering og betaling av mva i Noreg.

Føretaket skal ikkje registrerast i verken Einingsregisteret eller Meirverdiavgiftsregisteret. Føretaket kan registrerast allereie ved første sal. Dei treng altså ikkje å nå omsetningsterskelen på 50 000 kroner som gjeld for den ordinære mva-registreringa.

Ordninga gjeld ikkje for sal av matvarer, tobakk og alkohol eller varer med restriksjonar eller forbod etter norsk lov.

Skatteetaten - Meirverdiavgift på e-handel (VOEC)

Åpne kontaktskjema