Rapportering og betaling av mva
Etter registrering i Meirverdiavgiftsregisteret skal du sende inn mva-melding (Skattemelding for meirverdiavgift) 6 gonger i året. Mva-meldinga er ein rapport over mva-pliktige sal og kjøp i perioden.
Rapporteringa kan skje direkte frå dei fleste rekneskapssystem eller gjennom Skatteetatens løysingar.
Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere
Når du har vore mva-registrert i minst eitt år, kan du søkje om årleg innlevering (årsterminoppgåve) av meldinga dersom omsetninga di er under 1 mill.
Skatteetaten om årstermin for små verksemder
Føretak innan jordbruk, skogbruk og fiske (primærnæringane) vil alltid ha årleg innlevering.
I 2022 vart det innført ny rapporteringsløysing for mva. Dersom du har årlege terminar, vil du først kunna senda inn mva-melding på nytt format i 2023.
Meldinga skal vere levert, og skuldig mva skal vere betalt seinest ein månad og ti dagar etter utløpet av kvar termin. Terminane er som følgjer:
- 1. termin januar/februar — 10.april
- 2. termin mars/april — 10. juni
- 3. termin mai/juni — 31. august
- 4. termin juli/august — 10. oktober
- 5. termin september/oktober — 10. desember
- 6. termin november/desember — 10. februar
Mva-meldinga skal sendast sjølv om det ikkje har vore omsetning i den aktuelle terminen.
Årleg mva-melding har leverings- og betalingsfrist 10. mars, året etter inntektsåret. Skal du søkje om årleg mva-melding er fristen 1. februar i inntektsåret. Leverer du årleg mva-melding, men ønskjer å levere terminvis, må søknad om dette vere kommen fram til skattekontoret seinast 1. desember for å kunne gi verknad for året etter.
Skatteetaten - rapportere meirverdiavgift
Driv du med jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri, skogbruk eller fiske er fristen for levering og betaling 10. april. Du kan også ta med omsetning frå anna næring i denne mva-meldinga dersom omsetninga herfrå ikkje overstig 30 000 kroner i løpet av året. Overstig du denne grensa, må du utføre ei sjølvstendig mva-registrering av den andre aktiviteten. Dette kan du gjere sjølv om omsetninga frå anna næring ikkje overstig 50 000 kroner.
Det kjem til forseinkingsrenter ved for sein betaling av mva.
I tillegg kan du få døgnmulkt på kroner 622 per døgn om du leverer for seint, lèt vere å rapportera eller om det er openberre feil i dei opplysningane som blir rapporterte. Mulkta kan ikkje overstiga kroner 62 150. Pass på fristane og lever i tide.
Forskrift om renter ved forseinka betaling og kompensasjon for inndrivingskostnader
Import og mva
Mva-grunnlaget ved import blir rekna ut av tollverdien. Det vil seie det du har betalt eller skal betale for vara i utlandet, inkludert transportkostnadene til Noreg, forsikring, kostnader til emballasje og liknande, pluss eventuelle toll- og særavgifter.
Mva-grunnlaget fører du opp i mva-meldinga. Dersom føretaket ditt ikkje er mva-registrert, må du betale mva på tollstaden eller via speditøren/transportøren.
Meir om dette finn du i artikkelen om import.
Når du importerer gåver skal du betale mva på gåvesendingar som har ein verdi over 1 000 kroner.
Når du kjøper fjernleverbare tenester frå utlandet (som for eksempel programvare og konsulenttenester leverte over internett), skal du ta med innkjøpet i mva-meldinga når kjøpet gjeld ei tjeneste som ville ha vore avgiftspliktig ved omsetning frå ei norsk verksemd.
Er du ikkje registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du rapportere slik kjøp gjennom ei eiga mva-melding. Denne skal leverast kvar tredje månad, men du skal ikkje berekne og betale meirverdiavgift før samla kjøp for eit kvartal overstig 2 000 kroner, meirverdi ikkje medrekna.
Kontakt og hjelp: