Unntatt frå meirverdiavgiftsplikt

Nokre verksemder og tenester er unntatte frå reglane i meirverdiavgiftslova. Dersom du driv ei slik verksemd skal du ikkje registrerast i mva-registeret og skal ikkje rekne mva på sala dine. Då vil du heller ikkje ha rett til frådrag for mva på dei innkjøpa du gjer til verksemda di.


Unnatekne tenester

Tenester som er unntatte frå meirverdiavgiftslova er blant anna:

  • helsetenester (for eksempel legar, tannlegar, psykologar, kiropraktorar, fysioterapeutar, tannteknikarar og ambulansetenester)
  • sosiale tenester (for eksempel pass av barn i private eller kommunale barnehagar, omsorgs- og pleietenester i aldersheim og heimehjelpstenester)
  • undervisningstenester (både skuleundervisning, fritidsretta undervisning og køyreopplæring)
  • kulturelle tenester (blant anna teater-, opera-, ballett-, sirkusframsyningar og dansetilstellingar med levande musikk)
  • tenester i form av kunstnarisk framføring av åndsverk og formidling av slike tenester. Unntaket omfattar også tenester som er ein integrert og nødvendig del av denne framføringa.
  • guidetenester
  • finansielle tenester (for eksempel forsikring, finansieringstenester, utføring av betalingsoppdrag, gyldige betalingsmiddel, finansielle instrument og forvaltning av verdipapirfond).
    Unntaket omfattar også meklartenester knytte til finansielle tenester)
  • lotteritenester
  • seremonielle tenester i samband med gravferds- og bisetjingstenester
  • offentleg myndigheitsutøving (for eksempel tinglysingsforretningar og utskriving av pass og førarkort)
  • omsetning og utleige av fast eigedom og rettar til fast eigedom.

Frå sistnemnde unntak er det ei rekkje viktige unntak, som fører til at omsetninga likevel kan bli avgiftspliktig. Dette gjeld blant anna for omsetning av romutleige i hotellverksemd, næringsmessig utleige av fritidseigedom, utleige av parkeringsplassar i parkeringsverksemd og utleige av oppbevaringsboksar. Det er også høve til frivillig registrering av utleige av fast eigedom til bruk i meirverdiavgiftspliktig verksemd.

Meirverdiavgiftslova

Forskrift til meirverdiavgiftslova

Skatteetaten – meirverdiavgiftshandboka

Er du usikker på om verksemda di er unntatt frå mva-plikta bør du kontakte Skatteetaten for ei vurdering. 

Kontakt Skatteetaten

Åpne kontaktskjema