Firmabil

Har du tilsette i bedrifta di som nyttar bilen til bedrifta, må den tilsette som hovudregel skattleggjast for dette. (Er du sjølvstendig næringsdrivande og nyttar bil i næring, må du følgje reglane for yrkesbil.)


Fordelsskatt ved bruk av bil

Fordelen den tilsette oppnår ved bruk av arbeidsgivars bil vil reknast som lønn. Ved firmabilordning i delar av inntektsåret, blir fordelen fastsett i forhold til kor mange påbyrja månader som bilen har stått til disposisjon for den tilsette.

Skatteloven om privat bruk av arbeidsgivers bil

Fordelen med bruk av firmabil skal reknast av listeprisen til bilimportøren ved førstegangsregistreringa. Verdien av ekstrautstyr skal også reknast av listeprisen til importøren, uansett om det er betalt av den tilsette eller deg. Det skal også reknast fordelsskatt etter dei ordinære reglane, sjølv om arbeidstakaren dekkjer delar av bilhaldet.

Bilpriser - listepris som ny

Fordelsskatten - hovudregel

For 2024, skal arbeidstakaren skattleggjast for 30 prosent av listeprisen på bilen opp til 351 700 (for 2023: 338 800 kroner), og 20 prosent av det overskytande. Frå 2023 er det ingen eigne berekningsreglar for elbil.

For varebilar klasse 2 og lette lastebilar (nedanfor omtala som varebil) vert det, når det er tenestleg behov for slik bil, gjeve eit botnfrådrag på 50 prosent av listeprisen, men maksimal reduksjon er 150 000 kroner.

  • Når bilen er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret, blir fordelen rekna av 75 prosent av listeprisen på bilen som ny. For varebilar vert botnfrådraget då rekna av 75 prosent av listeprisen.
  • Dersom du kan dokumentere at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, blir fordelen rekna av 75 prosent av listeprisen på bilen som ny. For ein bil eldre enn 3 år blir fordelen rekna av 56,25 prosent av listeprisen på bilen som ny. Det vert ikkje gjeve botnfrådrag for varebilar. Reiser til og frå heimen vert ikkje rekna som yrkeskøyring. Yrkeskøyring som overstig 40.000 km må dokumenterast med elektronisk køyrebok.

Skatteetaten - satser for firmabil

Spesielt for varebilar og lette lastebilar

For varebilar og lette lastebilar kor det er eit tenestleg behov, kan du i staden for dei ordinære reglane beskrivne ovanfor, nytte individuell utrekning av fordelsskatten (individuell fastsetjing).

Ved individuell fastsetjing vert fordelen rekna av den faktiske private bruken av bilen. For å nytte denne metoden er det eit krav at det vert ført elektronisk køyrebok. Køyreboka skal administrerast av deg og skal dokumentere total køyrelengde, og køyrelengde for yrkeskøyringa. Differansen skal skattleggjast som privat bruk av bilen med ein sats på kroner 3,40 for 2022.

Eksempel på standardreglane i 2024:

Arbeidstakaren disponerer ein eitt år gamal firmabil med listepris på 400 000 kroner og køyrer under 40 000 kilometer i yrket i året.

Personbil Beløp
Skattleggingsgrunnlag 400 000
30 % av 351 700 105 510
20 % av 48 300 (400 000 - 351 700) 9 660
Fordel firmabil 115 170
Varebil klasse 2 Beløp
Skattleggingsgrunnlag 400 000 - 50 %, men maksimalt 150 000 = 250 000
30 % av 250 000 75 000
20 % av 0 0
Fordel av firmabil 75 000

Bruk av arbeidstakar sin private bil:

Brukar arbeidstakaren sin eigen bil i staden for å ha tilgang på firmabil, kan arbeidstakaren skattefritt få kilometersats etter tabellen nedanfor. Vert det utbetalt godtgjersle som overstig den skattefrie satsen, vil det overskytande bli skattepliktig utbetaling. 

Skattefri sats: Beløp
Eigen bil uansett køyrelengde og biltype 3,50 per kilometer
Eigen elbil uansett køyrelengde 3,50 per kilometer
Tillegg for kvar passasjer 1,00 per kilometer
Tillegg for hengar 1,00 per kilometer
Tillegg for frakt av utstyr og materiell 1,00 per kilometer

Satsane gjeld for køyring i heile landet.

Åpne kontaktskjema