Aksjonærregisteret

Alle aksjeselskap skal kvart år sende inn ei aksjonærregisteroppgåve (RF-1086) til Aksjonærregisteret hos Skatteetaten. Denne leverer du elektronisk via Altinn.


Aksjonærregisteroppgåva skal innehalde opplysningar som har betydning for skattlegginga av aksjonærane. Ho dannar grunnlag for "Aksjar og eigenkapitalbevis" som vert send til aksjonærane for bruk i skattemeldinga.

Aksjonærregisteroppgåva kan du sende inn etter kvart som eventuelle endringar skjer, men ho må seinast sendast innan 31. januar i året etter inntektsåret. Det er den sist innsende oppgåva som vil vere den gjeldande.
Nystifta selskap skal levere aksjonærregisteroppgåva sjølv om selskapet ikkje er registrert i Føretaksregisteret innan årets slutt.

 

Selskap som er avvikla i løpet av året, skal også sende inn aksjonærregisteroppgåva. Oppgåva skal sendast til aksjonærregisteret sjølv om det ikkje har vore endringar i løpet av året.

Tvangsmulkt kan påleggjast ved for sein eller manglande levering av pliktige opplysningar til Skatteetaten, eller dersom det er openberre feil i dei opplysningane som er gjevne. Pass på fristane og lever i tide.

For nærmare informasjon sjå:

Skatteetaten om tvangsmulkt

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema