Skatt for aksjeselskap

Eit aksjeselskap er ei eiga juridisk eining og eit eige skattesubjekt. Det vil seie at selskapet sjølv er ansvarleg for å rapportere inn og betale skatt. Du som eigar (aksjonær) vert berre skattlagd av det som du tek ut i lønn eller utbyte frå selskapet.


Utrekning av skatt

Det skal reknast 23 prosent skatt av overskotet i eit aksjeselskap for inntektsåret 2018. For 2019 skal det reknast 22 prosent skatt av overskotet i eit aksjeselskap. Skatten skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er tent opp. Det skal først betalast forskot i 2-terminar i februar og april. Endeleg oppgjer skjer i oktober og er basert på levert skattemelding.

For at selskap som er nyregistrert i oppteningsåret (2018), skal få utskrive skatt, må skjemaet"RF-1097 Søknad om endring av eller krav om forskottsskatt - upersonleg skattytar" fyllast ut og sendast inn via Altinn. Ved ønskje om endring av forskotsskatt, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, nyttar ein same skjema. For selskap registrert før 2018, som har levert skattemelding, vert forskotsskatten rekna ut på grunnlag av siste fastsetjing.

Selskap som er nyregistrert i 2019 skal ikkje betale skatt før i 2020, og skal ikkje levere RF-1097 i 2019.

Forskuddsskatt upersonlige skatteytere

 

Betaling

Skatten skal betalast i to like terminar i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.

Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for låg i forhold til inntekta slik at du kan risikere restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.

Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, vert sendt ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjon til selskapet ditt er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel når dette er tilgjengeleg.

Du vil få tilsendt innbetalingsblankett med konto- og KID-nummer. Betalinga skjer til Skatteoppkrevjaren der selskapet har hovudkontor. Dersom du ønskjer å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetatens nettsider. Her finn du også riktig kontonummer. Ved behandling av skattemeldinga (sjølvmeldinga) vert eventuell restskatt rekna ut, og du får i så fall tilsend innbetalingsblankett.

Lag KID-nummer

Rapportering

Skattemeldinga for selskapet skal sendast inn til Skatteetaten via Altinn innan 31. mai. Selskap med enkle skattemessige forhold kan i staden sende inn "Næringsrapport skatt for aksjeselskap" med same tidsfrist.

Om levering av næringsrapport skatt

 

Både aksjeselskap utan omsetning i inntektsåret (skattemeldingsperioden), og selskap som vart stifta mot slutten av inntektsåret - men ikkje registrert i Føretaksregisteret før året etter, må sende inn skattemelding.

Selskap som eig aksjar i anna selskap

Selskap som eig aksjar i eit anna selskap vert som hovudregel fritekne for skattlegging av gevinstar og utbyte på aksjar (fritaksmetoden). Dette gjeld som hovedregel selskap heimehøyrande i normalskatteland innanfor EØS. Tap gjev tilsvarande ikkje rett til frådrag. Skattelova § 2-38 har nærmare reglar om kva for selskap og samanslutningar som vert omfatta og om kva inntekter og tap som er omfatta. Desse reglane vert omtala som fritaksmetoden.

Det er likevel ein sjablongregel som inneber at tre prosent av inntektene som er fritekne for skatteplikt etter fritaksmetoden, likevel skal reknast som skattepliktig inntekt.

Sjablongregelen omfattar berre aksjeutbyte som fell inn under fritaksmetoden og utdeling frå selskap med deltakarfastsetjing. Gevinstar ved realisasjon av aksjar vert ikkje omfatta av tre-prosentregelen. Heller ikkje gevinst og utbyte i konsernforhold innanfor EØS (skattemessig konsern) skal omfattast, noko som fører til at det ikkje skal reknast skatt av slike gevinstar.

Skatte-ABC om fritaksmetoden

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema