Arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande?

Det er viktig å avklare om det du planlegg å starte opp med er sjølvstendig næringsverksemd eller lønna arbeid. Sjølv om du har registrert ei verksemd kan Skatteetaten vurdere aktiviteten din som at du skulle vore arbeidstakar i staden for sjølvstendig næringsdrivande. Det har betydning for kva for reglar du kjem inn under.


Sjølvstendig næringsdrivande

For at du skal bli rekna som sjølvstendig næringsdrivande (ein som driv næringsverksemd) må ei rekke vilkår vere oppfylte.

Vilkåra for at du skal bli rekna som sjølvstendig næringsdrivande er at verksemda di:

  • blir driven for eiga rekning og risiko
  • har ein viss aktivitet
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gå med overskot

Ved avgjerda av om ein person skal bli rekna som sjølvstendig næringsdrivande, blir det blant anna lagt vekt på om vedkommande:

  • har ansvaret for resultatet av verksemda
  • har arbeidstakarar i verksemda si
  • driv verksemda frå ein fast forretningsstad
  • har den økonomiske risikoen for verksemda
  • bruker eigne driftsmidlar

Blir du bede om å registrera eit enkeltpersonføretak?

Kjem du opp i ein situasjon der nokon ber deg om å registrere deg som sjølvstendig næringsdrivande for å få jobb hos dei er det viktig å vere klar over at dette ikkje er noko andre kan bestemme for deg. Dette er noko du sjølv må ønske å gjere samtidig som kriteria for å vere sjølvstendig næringsdrivande må vere oppfylte.

Skatteetaten har laga ein vegvisar som kan gi deg eit rettleiande svar på om du er næringsdrivande eller ikkje.

Skatteetaten – arbeidstakar eller næringsdrivande?

Er du framleis i tvil kan du kontakte Skatteetaten som kan gjere ei heilskapsvurdering ut frå situasjonen din.

Kontakt Skatteetaten

Arbeidstakar

Skal du arbeide for ein oppdragsgivar som stiller utstyr til disposisjon og bestemmer når og korleis jobben skal bli gjort, vil dette blir rekna som eit arbeidsforhold og du skal ha arbeidskontrakt og få lønn.

Desse momenta trekk i retning av at det er snakk om eit arbeidsforhold:

  • arbeidstakaren har plikt til å stille si personlege arbeidskraft til rådigheit og kan ikkje bruke medhjelparar for eiga rekning
  • arbeidstakaren har plikt til å underordna seg arbeidsgivaren si leiing og kontroll av arbeidet
  • arbeidsgivaren stiller med arbeidsrom, maskiner eller andre hjelpemiddel som er nødvendige for å utføre arbeidet
  • arbeidsgivaren har risikoen for arbeidsresultatet
  • tilknytingsforholdet mellom partane har ein nokolunde stabil karakter og kan bli sagt opp med bestemte fristar
  • det blir i hovudsak arbeidd for ein oppdragsgivar

Lista er ikkje uttømmande, andre moment kan også ha betydning for heilskapsvurderinga. Om der er eit arbeidsforhold eller ikkje, blir avgjort av ei konkret heilskapsvurdering. Partane kan ikkje sjølve avgjere om personen er arbeidstakar, eller inngå ein avtale som strid mot realitetane i forholdet og mot lovgivinga.

Per er i ferd med å avslutte studiane sine og har fått tilbod om å begynne å jobbe hos den gamle arbeidsgivaren sin. Dei ønsker at Per skal registrere eit enkeltpersonføretak og sende faktura for utført arbeid. Han vil ha fast kontor på arbeidsplassen og må følge bedrifta si arbeidstid. Per har ikkje sjølv nokre planar om å bli sjølvstendig næringsdrivande og ønsker å få godtgjering som lønn.

Korleis vil denne situasjonen kunne bli vurdert?

I dette tilfelle vil det nok vere riktig at Per får godtgjersle som lønn. Han har ikkje planar om å skaffe seg fleire kundar, må forhalde seg til verksemda si arbeidstid og verksemda sjølv stiller med det utstyret han treng for å utføre arbeidet. I tillegg er verksemda ansvarleg for resultatet av utført arbeid. Per skal tilsettast, inngå arbeidskontrakt, få lønn og bli sett på som arbeidstakar.

Åpne kontaktskjema