Forretningsplan

Når du har fått eit klart bilete av korleis du vil drive bedrifta di, kan det vere behov for å konkretisere dette i ein forretningsplan. Forretningsplanen skal gje deg og andre eit realistisk bilete av det du skal gjere og vil vere eit viktig styringsdokument i oppstartsfasen.


Kvifor lage forretningsplan?

Forretningsplanen er først og fremst eit styringsverktøy som hjelper deg å gjere dei riktige tinga. Han forklarar kva du skal gjere, korleis du skal gjere det, og kvifor. Treng du hjelp frå andre kan likevel ein forretningsplan vere nyttig for å presentere idéen din overfor bankar, samarbeidspartnarar, myndigheiter og liknande. Alle som ønskjer å satse pengar på forretningsidéen din må vite kva dei gjev seg ut på.

Forretningsplanen kan du lage etter at du er ferdig med forretningsmodellen for bedrifta di. Forretningsplanen gjer det enklare å sjå samanhengar mellom det du skal tilby, marknaden og kva for ressursar som er nødvendige for å starte opp. Du får god oversikt og eit avgjerdsgrunnlag før du gjer investeringar og avtalar. Det er viktig at du sjølv har styring på forretningsplanarbeidet. Søk gjerne råd og rettleiing råd og rettleiing hos andre undervegs.

Eit grundig arbeid med forretningsplanen aukar sannsynet for ei vellukka etablering, og du får ei betre oversikt over den reelle risikoen du påtek deg.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema