Frilansar

Mange bruker omgrepet frilansar i ei anna betydning enn det myndigheitene gjer. Det er viktig å finne ut om du er rekna for å vere frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande, for dette har betydning for rettane og pliktene dine.


Når er eg frilansar?

Som frilansar betaler du skatt på same måte som lønnsmottakarar. Du leverer skattemelding for arbeidstakarar og har rett til minstefrådrag som lønnsmottakar.

Du har ikkje plikt til å føre rekneskap og skal ikkje registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Du er frilansar når du får lønn for enkeltståande oppdrag utan å vere fast eller mellombels tilsett hos den du utfører arbeidet for, men heller ikkje er sjølvstendig næringsdrivande. Som frilansar er du i ei mellomstilling mellom arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande.

Frilansar versus sjølvstendig næringsdrivande

Dette er dei viktigaste likskapane og ulikskapane mellom å vere frilansar og sjølvstendig næringsdrivande:

Frilansar Sjølvstendig næringsdrivande
Krav om organisasjonsnummer Nei Ja (med noen unntak)
Ansvar for resultatet Ja Ja
Korleis skjer betalinga Får lønn (men er ikkje tilsett) Sender faktura
Betaling av skatt Oppdragsgivar henter skattekort og trekker skatt Er sjølv ansvarleg for rapportering og innbetaling av skatt
Rekneskap Skal ikkje føre rekneskap Må føre rekneskap
Moglegheit for å bruke frikort Ja Nei
Avtaletype som blir inngått med oppdragsgivar Oppdragsavtale Oppdragsavtale
Meirverdiavgift Får lønn og skal ikkje berekne mva Kan bli mva-pliktig

Skatteetaten – arbeidstakar eller næringsdrivande?

Sosiale rettar for frilansarar

Som frilansar har du færre sosiale rettar enn som arbeidstakar, men betre rettar enn sjølvstendig næringsdrivande. Oppdragsgivar har ikkje sjukepengeansvar, men du har rett til sjukepengar frå NAV frå 17. sjukedag, og kan teikne frivillig tilleggsforsikring. Du har ikkje rett til feriepengar (med mindre avtale om dette ligg føre) eller rettar som arbeidstakar når det gjeld arbeidsmiljølova. Frilansarar har ikkje krav på yrkesskadetrygd eller yrkesskadeforsikring, men kan teikne frivillig yrkesskadeforsikring hos private forsikringsselskap og frivillig yrkesskadetrygd hos NAV.

Frilansarar har ikkje krav på pensjonsordning hos oppdragsgivar, men kan teikne eiga pensjonsordning. Frilansarar har på visse vilkår rett til dagpengar.

Regelverk og rettar for frilansarar

Nedanfor er ei oversikt over kva for regelverk som gjeld sosiale rettar for arbeidstakar, frilansar og sjølvstendig næringsdrivande.

Regelverk/rettar Arbeidstakar Frilansar (oppdragstakar) Sjølvstendig næringsdrivande
Sjukepengar (folketrygdlova) 100 % dekning opptil 6 G (arbeidsgivar dekkjer dei første 16 dagane) Inga dekning første 16 dagar. 100 % dekning frå og med 17. dag. Kan teikne tilleggstrygd. Inga dekning første 16 dagar. 80 % dekning frå og med 17. dag. Kan teikne tilleggstrygd.
Arbeidsmiljølova. Arbeidstvistlova. Ferielova. Lønnsgarantilova. Permitteringslønnslova. Er omfatta Fell som hovudregel utanfor Fell som hovudregel utanfor
Lov om obligatorisk tenestepensjon Er omfatta Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig pensjonsforsikring Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig pensjonsforsikring
Yrkesskadeforsikring Er omfatta Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig yrkesskadeforsikring Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig yrkesskadeforsikring
Særfordelar ved yrkesskade (Folketrygdlova) Er omfatta Fell utanfor med mindre det er teikna frivillig yrkesskadetrygd Fell utanfor med mindre det er teikna frivillig yrkesskadetrygd
Dagpengar ved arbeidsløyse Er omfatta Er omfatta Fell som hovudregel utanfor

 

Åpne kontaktskjema