Hobby eller næringsverksemd

For at ein aktivitet skal bli godtatt som næringsverksemd må han bli driven for eiga rekning og eigen risiko, ha eit visst omfang og ei viss varigheit. Han skal over tid vere eigna til å gi overskot.


Kvifor skilja hobby og næring?

Nokre aktivitetar har meir preg av hobby enn av næringsverksemd. Grensa er ikkje definert i lovverket, men ein hobby er skattefri, medan ei næring er skattepliktig verksemd. Forskjellen er med andre ord heilt avgjerande for korleis du skal skattleggjast og om du kan få frådrag for utgiftene. Det er Skatteetaten som avgjer om ein aktivitet er hobby eller næring, men i første omgang må du vurdere sjølv om du skal rapportere aktiviteten din som skattepliktig verksemd.

Aktiviteten er rein hobby

Er omfanget av aktiviteten lite og kostnadene omtrent like store som inntektene, kan dette trekke i retning av at du driv ein hobby. Fortenesta på hobbyverksemd er ikkje skattepliktig inntekt.

Ein aktivitet som har preg av hobbyverksemd eller er reine eingongshendingar blir ikkje vurdert som næringsverksemd og kan ikkje bli registrert som enkeltpersonføretak hos Brønnøysundregistera.

Skatteetaten har utarbeidd ein rettleiar som kan hjelpe deg med å avklare grensa mellom hobby og næring.

Skatteetaten sin rettleiar - få hjelp til å finne ut om du er næringsdrivande

Hobbyen er blitt næringsverksemd

Ein hobbyaktivitet kan over tid bli næringsverksemd. Når det inntektsgivande arbeidet er kome i gang vil alle inntekter som omfattar verksemda vere skattepliktige og alle kostnader gir frådragsrett. Etter at du er godkjend som næringsdrivande, har du bokføringsplikt og du må levere skattemelding for næringsdrivande. Dersom du får skattemelding for lønnstakarar, må du legge til næringsspesifikasjonen (søk han opp i skattemeldinga sitt søkefelt).

Skatteetaten – oppstart av verksemd

Frå det året du blir vurdert å oppfylle vilkåra som næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei fem føregåande åra som oppstartsår for verksemda. For å få frådrag for tidlegare års oppstartskostnadar, må du sende inn ei ny skattemelding med næringsspesifikasjon for kvart av dei inntil tre siste åra. Er det behov for å endre fire og fem år tilbake i tid kan du be om dette ved å sende inn klage. Får du endra fastsettinga for oppstartsperioden vil du få frådrag for dei reelle oppstartskostnadane. Det er derfor viktig å ta vare på alle inntekts- og kostnadsvedlegg som er knytt til verksemda frå dag ein.

Skatteetaten om oppstartsperioden

Etter at du har vorte næringsdrivande har du bokføringsplikt og du må levere skattemelding for næringsdrivande.

Skatteetaten – skattemelding for næringsdrivande

Åpne kontaktskjema