Korleis finansiere oppstarten?

Å finansiere ei verksemd vil seie å skaffe nok kapital til å starte opp og drive verksemda. Riktig finansiering er med på å gjere oppstarten og den første tida lettare for deg slik at du klarar å betale forpliktingane dine.


Kvar kan eg få pengar frå til oppstarten?

Den vanlegaste måten å finansiere oppstarten på er gjennom eigenkapital og lån. Det er også mogleg å skaffe seg eksterne investorar. Dette kan vere vener, familie eller profesjonelle investorar. I retur kan desse for eksempel få tilbod om eigardelar i verksemda.

I tillegg er det mogleg å skaffe seg kapital gjennom for eksempel "Crowdfunding"(nettverksfinansiering ved innsamling av pengar) om du har ein idé som er interessant for marknaden. Offentlege verksemder kan gjennom prosjekt tilby støtteordningar som det kan vere mogleg å søkje på.

Kva må finansierast?

Ei viktig avklaring er å finne ut kor mykje kapital du vil trenge for å finansiere oppstarten. Beløpet kjem du fram til ved å lage ei oversikt over kapitalbehovet
Her reknar du ut kva du vil trenge av utstyr, andre oppstartskostnader og eventuelt driftskapital for å dekkje løpande utgifter i tida før du byrjar å få inntekter. Etter at kapitalbehovet er rekna ut må du byrje å arbeide med finansieringa. 

Eigenkapital

Sørg for å ha nok eigenkapital for å få ei sunn finansiering verksemda. Eigenkapitalen ved oppstart avheng av kva risiko du tar og kva bransje du skal starte opp i. Han bør likevel vere mellom 20 - 35% av kapitalbehovet. Eigenkapital kan i tillegg til pengar og verdiar i eigedom vere utstyr. Merk deg at eige utstyr må verdsetjast før det kan takast inn som eigedel i verksemda.

Eigeninnsats som eigenkapital

Søkjer du støtte vil det normalt vere krav til at du har ein viss eigenkapital. Storleiken på eigenkapitalen kan vere forskjellig for dei ulike støtteordningane. I finansieringsplanen kan du leggje inn eigeninnsats som ein del av den totale finansieringa. Denne kostnaden må vere i samsvar med førte timelister multiplisert med avklara timesats frå dei som yter støtte. Eigeninnsats kan vere eige arbeid med marknadsavklaring og testing av produkt. Dette skal leggjast inn i rekneskapen.

Låne pengar

Treng du å låne pengar til å finansiere oppstarten er det mogleg å søkje banken din eller andre finansieringsinstitusjonar om lån. Ver merksam på at lånegjevar krev sikkerheit for lånet, for eksempel i form av pant i fast eigedom, varelager eller i utstyr. God sikkerheit gjev betre rentevilkår enn dårleg eller usikker sikkerheit (som for eksempel eit varelager).

Ønskjer du å låne pengar i banken er det viktig at du møter opp godt førebudd hjå banken og kan leggje fram forretningsplan og realistiske budsjett, samt vise til at det er eit behov i marknaden for prosjektet ditt. Ein gjennomarbeidd forretningsmodell er eit godt utgangspunkt for samtalen din med banken i tillegg til forretningsplan og realistiske oppstartsbudsjett.

Støtteordningar

Det finst ei rekkje offentlege støtteordninger å søkje på for deg som er i planleggingsfasen og for verksemder som er kome i gang. Har du ein idé som representerer noko nytt, og ikkje er i direkte konkurranse med andre,. kan du søkje om støtte hos for eksempel Innovasjon Noreg. Du kan også sjekke om kommunen din har kommunale eller lokale tilskotsordningar som det er mogeleg å søkje på.

Eigeninnsats

Søkjer du støtte vil det normalt vere krav til at du har ein viss eigenkapital. Storleiken på eigenkapitalen kan vere forskjellig for dei ulike støtteordningane. For å få nok eigenkapital kan du i finansieringsplanen din leggje inn eigeninnsats som ein del av den totale finansieringa. Denne kostnaden må vere i samsvar med førte timelister multiplisert med avklart timesats frå dei som yt støtte. Eigeninnsats kan vere eige arbeid med marknadsavklaring og testing av produkt, og skal leggjast inn i rekneskapen.

Innovasjon Norge – lær meir om finansieringsordningane

Crowdfunding 

Crowdfunding er ein alternativ finansieringsmåte der du kan finansiere oppstarten av prosjektet ditt med bidrag frå mange gjevarar, både privatpersonar og verksemder. I tillegg kan denne metoden gje deg gode tilbakemeldingar på ideen din eller produktet ditt.

Kva er crowdfunding?

Crowdfunding eller folkefinansiering er ein måte å samle inn pengar til nye prosjekt på. Du kan for eksempel samle inn pengar til å finansiere oppstart av ny verksemd eller til å lage ein prototype av eit nytt produkt. Konseptet med crowdfunding gjer det også lettare for folk å gje støtte direkte til prosjektet dei er opptekne av, samstundes som det vert enklare for små aktørar å få støtte til prosjekta sine. Innsamlinga går stort sett føre seg på nett.

  1. Det finst ulike typar crowdfunding. Dei vanlegaste formene for crowdfunding er:
  2. Donasjon der du på førehand gjev eit beløp utan motyting. 
  3. Påskjøning der du gjev eit beløp til eit prosjekt og får ei påskjøning. 
  4. Aksjebasert eller eigenkapitalbasert der den som gjev eit beløp får aksjar og vert eigar i verksemda.
  5. Lånebasert der nokon låner bort pengane sine mot avkasting over tid i prosjektet, også kalla crowdlending. Det er utarbeidd eigne reglar for dei som formidlar lån.

Både donasjon- og påskjøningsbasert crowdfunding er aktuelle måtar å finansiere oppstart av nye verksemder på i ein tidlegfase. Her er det mogleg å få støtte frå mange som vil gje utan å krevje noko tilbake.

Aksjebasert og lånebasert crowdfunding er i hovudsak retta mot dei som også ønskjer å investere i eit prosjekt for å oppnå god avkasting over tid.
Finanstilsynet har utarbeidd klare reglar for kven som kan tilby lånefinansiert crowdfunding.

Finanstilsynet - rettleiing lånebasert folkefinansiering (crowdfunding)

Åpne kontaktskjema