Personleg avklaring

Kva er drivkreftene bak ønskjet ditt om å etablere eiga verksemd? Har du nok vilje og klarar du å halde ut lenge nok til å kome i mål med prosjektet ditt? Eit godt tips på vegen er at du gjer ei avklaring av dette samstundes som du jobbar med å utvikle ideen din.


Kva bør avklarast?

Like viktig som å ha oversikt over kundane og marknaden er at du gjer ei personleg avklaring av deg sjølv som etablerar. Du kan ha ein god idé som det er ein marknad for, men livssituasjonen din kan gjere det vanskeleg å realisere ideen på noverande tidspunkt. Dette kan for eksempel vere at du nettopp har investert i ein ny bustad og har ein stram økonomi.

Her er nokre spørsmål det kan vere nyttig å reflektere over:

  • Kor stor risiko er eg villig til å ta for å starte for meg sjølv? (stor risiko, litt risiko, liten risiko, ingen risiko)
  • Kor viktig er økonomisk tryggleik for meg? (ikkje viktig, betyr ingen ting, nokså viktig, svært viktig)
  • Er dine næraste med på dette? (ja, kanskje, veit ikkje, nei)
  • Er ønsket om å drive eiga verksemd større enn å vere tilsett hos ekstern arbeidsgjevar? (ja, kanskje, veit ikkje, nei)
  • Om svara dine landar på alternativa lengst mot høgre bør du gjere ei nøye vurdering om dette er noko du skal realisere på noverande tidspunkt. Sørg for å ha med deg dine næraste på planane og at de er villige til å ta ein økonomisk risiko. Bruk tid til å lage gode oppstartsbudsjett som kan hjelpe deg å få oversikt over kva risiko du tar på deg. 
  •  

Her er nokre fleire spørsmål du kan stille deg sjølv og svare ærleg på før du går i gong for fullt:

  • Kva konsekvensar kan det få for meg og familien min om eg ikkje lukkast frå starten av?
  • Kva skjer om eg ikkje får inntekter tidleg nok til å betale rekningane mine?

Bruk tid på ei slik avklaring samstundes som du planlegg etableringa og vurderer kva organisasjonsform som kan passe best for deg og prosjektet ditt..

Kjenneteikn på etablerarar

Personar som lukkast som etablerarar, og sidan lukkast med å drive verksemda si, har gjerne ein del felles kjenneteikn som for eksempel:

  • Tek initiativ og likar å ha ansvar
  • Er opne for nye idear, og skapar og utviklar moglegheiter
  • Er optimistiske, utetterretta, nysgjerrige og tør å bryte mønster
  • Har god sjølvtillit, og kjenner sine eigne svake og sterke sider
  • Held ut og sett seg oppnåelege mål som dei ofte når
  • Er gode lyttarar til menneske sine behov og flinke til å byggje relasjonar til omverda

Kjenner du deg att i denne beskrivinga?

Det ideelle er sjølvsagt at du kjenner deg att i og identifiserer deg med alle dei eigenskapane som er beskrivne. Det er ikkje nok å vere open for nye idear dersom du ikkje held ut og har tolmod og ikkje sett deg oppnåelege mål. Evner du å kjenne dine eigne sterke og svake sider? Om svaret er ja, er det lettare å invitere andre med i prosjektet ditt.

Eit eksempel: Du er ein flink handverkar, men korkje likar eller forstår økonomi og rekneskap. Då bør du finna nokon som kan gjere denne jobben for deg i staden for å bruke mykje tid og krefter på å prøve å gjere det sjølv. Tida di er verdfull. Bruk den til å tene pengar på det du kan.

Bygg og plei nettverk

Om tida er slik at ideen bør realiserast no kan du tenkje alternative måtar å kome i gong på. Vurder om du kan starte opp med ein eller fleire samarbeidspartar som har kompetanse, kapital og nettverk.

Å byggje og pleie nettverket ditt på ein god måte kan vere avgjerande for at du lukkast. Du kjenner truleg nokon som kan gje deg innspel og idear i ein tidleg fase. Dette kan vere personar som kan vere aktuelle å ha med i eit styre. Bruk også vener sine vener som ein del av nettverket ditt. I Noreg har vi ikkje kultur for å bruke personlege nettverk på denne måten. Men prøv. Det kan vise seg å vere veldig viktig, spesielt etter at du er komen i gong.

TIPS: bruk litt tid på å kartleggje nettverket ditt:

  • Kven kjenner eg og kva kan dei hjelpe meg med?
  • Korleis og når tar eg kontakt?
Åpne kontaktskjema