Planlegg etableringa

God planlegging og fokus på marknaden gjev deg gode sjansar for å lukkast med utvikling av idéen din til ei framtidig verksemd. For at etableringa skal gå bra kan du stille deg følgjande spørsmål: Kor er du? Kor vil du? Kva kostar det? Korleis skal du kome deg dit du vil? Kvifor har du valt denne idéen?


Korleis skal du kome dit du vil?

Desse spørsmåla viser at det er mange viktige ting du bør avklare før du startar opp. Du må bestemme deg for kva for marknader og kundegrupper du vil selje til, og korleis du skal gjere det. Du må vite at kundane vil kjøpe hos deg, og at du vil tene pengar på det du skal selje. I tillegg må du definere kvifor du ønskjer å satse på denne idéen. Når produktet skal ut i marknaden er det viktigare og viktigare at kundane ikkje berre trur på produktet - men også eit ektefølt engasjement hos bedrifta, utover det å tene pengar. I planleggingsfasen vil ein klart formulert forretningsidé og visjon hjelpe deg å stake ut kursen. Det kan også vere lurt å lage ein plan for korleis du skal gjere dette.

Lytt til marknaden

Det store spørsmålet før du startar er sjølvsagt om det kjem til å gå bra, og om verksemda vil kunne gå med overskot. Det er ingen som kan gje eit sikkert svar, men du kan få ein viss peikepinn ved å:

  • spørje framtidige kundar korleis dei oppfattar tilbodet ditt
  • spørje leverandørar kva dei trur
  • halde auge med dei etablerte i bransjen
  • lage analysar av marknaden
  • kartleggje kva for konkurrentar du har
  • rekne ut kor stort kundegrunnlag du kan få

Du kan få mykje informasjon om marknaden gjennom Brønnøysundregisteras teneste Opne data som er gratis. Her kan du skreddarsy kva for informasjon du vil laste ned.

Brønnøysundregistrene - åpne data

Visjon og forretningsidé

Det kan vere nyttig å bruke tid i planleggingsfasen på å formulere ein visjon og forretningsidé for oppstarten din.

Ein visjon er eit draumebilete på kva du og føretaket ditt ønskjer å oppnå på sikt, og er ei leiestjerne for det framtidige føretaket. Ein idé blir ein forretningsidé når han kan dekkje eit behov i marknaden og gjev eit konkurransefortrinn som kan bevarast over tid. Forretningsidéen beskriv kva du skal selje til kven og kvifor kundane skal kjøpe frå deg.

Eksempel på visjon og forretningsidé:

IKEAs visjon er "å skape ein betre kvardag for mange menneske".

Forretningsidéen er "å støtte opp om denne visjonen ved å tilby eit stort utval form- og funksjonsriktige heiminnreiingsprodukt til så låge prisar at så mange menneske som mogleg har råd til å kjøpe dei".

Involver andre i planlegginga

Diskuter idéen din med andre som kan gje deg viktige innspel for å kome vidare. Bygg nettverk med hjelparar som er flinke på område du treng hjelp. Gode hjelparar kan vere kommunen sine næringsansvarlege, bankforbindelsen din, eit rekneskapskontor, ein revisor eller ein advokat om du treng hjelp til å utforme avtalar.

Lag gode planer

Tenkjer du å ha samarbeidspartnarar og søkje finansiering hos bank eller tilsvarande, er dei opptekne av at du kan vise til realistiske planar og budsjett for å inngå eit samarbeidmed deg.

All relevant informasjon om korleis du vil realisere forretningsidéen  oppsummerer du i en forretningsmodell. Neste steg i planleggingsfasen vil vere å lage gode oppstartsbudsjetter  og eventuelt utarbeide ein forretningsplan.

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema