Rekneskap – kva bør du vite før oppstart

Alle som driv eiga verksemd, må føre rekneskap. Det beste er å starte frå dag ein. Du kan sjølv føre din eigen rekneskap, men har du ikkje kjennskap til regelverket er det ein fordel å søkje råd hos ein rekneskapsførar.


Må du føre rekneskap?  

Dei aller fleste har plikt til å føre rekneskap etter bokføringsreglane (bokføringsplikt). Svært forenkla betyr dette at du må dokumentere alle kjøp og sal og føre dette inn i eit rekneskapssystem. Rekneskapen vert bruka som grunnlag når du skal levere skattemelding, mva-melding og eventuelt andre lovpålagde oppgåver.

I tillegg til å føre rekneskap etter bokføringsreglane har enkelte verksemder, som for eksempel aksjeselskap, også rekneskapsplikt. Då må du både levere skattemelding og sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret.

Brønnøysundregistera om regnskapsplikt

Må du ha rekneskapsførar?

Dersom du har interesse, lyst og kunnskap, kan du vurdere å føre rekneskapen sjølv. I det minste i ein startfase. Det kan uansett vere lurt å få hjelp hos ein rekneskapskyndig med å leggje opp gode rutinar. Det store skiljet kjem den dagen du får tilsette. Då skal det utbetalast lønn, og du får eit stort regelverk å ta stilling til. Mange vel då å setje ut rekneskapen til ein rekneskapsførar.

Val av rekneskapssystem

Det finst mange gode rekneskapsprogram på marknaden. Spør andre kva dei brukar og er nøgde med. Sjekk ulike leverandørar før du vel. 

Eigen bankkonto

Ikkje bland privatøkonomien og økonomien til verksemda. Opprett ein eigen bankkonto som du brukar berre til verksemda. For enkeltpersonføretak kan det også vere lurt å opprette ein eigen konto der du sett av pengar til betaling av skatt og eventuell meirverdiavgift.

Korleis skal kunden betale?

Det vert stilt ulike krav til dokumentasjonen om du skal selje kontant eller om du skal sende faktura til kunden. Det er derfor viktig å avklare tidleg kva behovet ditt er slik at du er klar til å sende faktura eller ta imot kontant betaling så snart du startar opp.

Kontantsal (Direkte oppgjer)

Sel du kontant må du ha eit kassasystem som tilfredsstiller krava i bokføringsreglane. Alle brukarar av kassasystem må nytte eit produkterklært kassasystemdet må liggje føre ei erklæring frå leverandøren som stadfestar at kassasystemet tilfredsstiller krava i kassasystemlova og -forskrifta. Kontantsal er definert som sal der kjøparen betalar for vara eller tenesta når ho vert motteken. Dette gjeld både når betalinga skjer i form av kontantar, bankkort eller ulike betalingsløysingar på mobil (for eksempel Vipps).

Faktura

Det er klare krav til kva som krevst av informasjon på ein faktura i bokføringsforskrifta. Det er blant anna krav om at ein faktura skal ha eit fakturanummer som vert tildelt automatisk i eit dataprogram. Alternativt må du få trykt opp blankettar på eit trykkeri, der fakturablankettane inneheld fortløpande fakturanummer og det fulle namnet til føretaket, adresse og organisasjonsnummer.

Eit godt styringsreiskap

I tillegg til at du er pliktig til å føre rekneskap er ein god gjennomarbeidd rekneskap den beste styringsreiskapen du har. Med god oversikt vil du mykje tidlegare kunne korrigere kursen dersom det er nødvendig.

Skal du søkje om offentleg støtte, eller eit lån i banken, vil rekneskapen din vise verdifull informasjon om bedrifta.

Bruk tid i starten på å setje deg inn i kva for reglar som gjeld for deg.

Vil du vite meir?

Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nettopp har starta verksemd. Kursa er gratis, og du kan følgja anten digitale webinarer eller fysiske kurs i Oslo.

Skatteetaten sine kurs for nye næringsdrivande

 

Åpne kontaktskjema