Unngå fallgruvene

Bruker du tid på planlegging og er godt forberedt aukar sjansane for å lukkast med etablering av eiga verksemd. Med desse tipsa vil du kunne unngå dei klassiske fallgruvene under oppstart og i den første tida etter at du er komen i gang.


Gjer eit anslag av kva etableringa vil krevje

Har du det uthaldet og dei personlege eigenskapane som må til før du går i gang for alvor? Kor stor erarbeidskapasiteten din og korleis er evnene dine som bedriftsleiar? Ei etablering av eiga verksemd kan fort krevje mykje av deg - og dine nærmaste. Dei fleste klarar dette i ein periode. Tenk over om du er villig til å ofre ferie, fritid og tid med familien for å realisere draumen din. Forsøk å anslå kor mange timar du vil trenge på å lukkast. Og førebu dine nærmaste på dette.

Ikkje overvurder marknaden

Mange etablerarar antek at marknaden er større enn han eigentleg er. Eit godt tips er å undersøkje marknaden før du går i gang for alvor. Spør om det problemet ideen din skal løyse også er eit opplevd problem hjå kundane. Hent inn relevant marknadsinformasjon og gjer justeringar etter innspel frå kundane før du tek viktige avgjerder.

Innovasjon Noreg - korleis lukkast med idéen din?

Lag eit realistisk budsjett

Ei klassisk fallgruve er at du ikkje lagar realistiske budsjett for oppstartsfasen. Ofte vert inntektene overvurderte, mens kostnadene vert undervurderte. Om dette skjer kan du få problem med å betale forpliktingane dine. Ver sikker på å få med alle kostnader når du lagar dei første budsjetta for oppstartsfasen og minst det første driftsåret.

Innovasjon Noreg - korleis lukkast med idéen din?

Vel passande organisasjonsform

Vel ein organisasjonsform som passar for den risikoen du påtek deg og omfanget av det du skal byrje med. Eksempelvis kan det vere fornuftig å starte eit aksjeselskap i staden for eit enkeltpersonføretak dersom du tek ein stor økonomisk risiko.

Sjekk alle formalitetar

Set deg godt nok inn i kva for krav som vert stilte for verksemda di og kva og til kven du må rapportere. Du kan få trøbbel om du ikkje overheld fristane for å rapportere til det offentlege. For eksempel får du gebyr dersom rapportering og innsending kjem for seint inn. Hugs at verksemda har rapporteringsplikter til offentlege myndigheiter sjølv om det ikkje har aktivitet.

Sørg for god økonomistyring

Fakturér kunden så snart oppdraget er fullført eller salet er gjennomført. Det er viktig å få pengane inn raskt. Dette betyr mykje for likviditeten, og evna di til å betale forpliktingane dine til riktig tid. Er oppdraget stort kan du avtale delfakturering undervegs. Lag skriftlege avtalar med kundane der du får med når det skal fakturerast og kva som skal skje dersom det oppstår endringar i oppdraget.

Skaff hjelp

Sett deg inn i kva krav det er dersom du ønsker å føre rekneskapen sjølv. Har du ikkje tid eller kompetanse til å føre rekneskapen sjølv, bør du skaffe deg hjelp til dette. Då frigjer du tid til det du kan best, og som gjev pengar i kassa. Det kan fort bli dyrt om utrekning av skatt og meirverdiavgift vert feil, og du må ha hjelp til å rette opp i dette etterpå.

Ha gode avtalar

Driv du saman med andre er det viktig å unngå usemje om drift og vegval. Før oppstart bør du derfor utarbeide ein avtale med samarbeidspartnarane dine som tek høgde for både "gode og onde dagar". 

Aksjonaravtale.doc

Kompanjongavtale.doc  

Skaff deg nok kapital til oppstartsfasen

Det tek ofte lengre tid å kome ordentleg i gang enn du trur. Då tek det også lengre tid før inntektene kjem på konto. Samstundes må du ha pengar til å betale forpliktingane dine innan fristen. Sørg derfor for å ha nok oppstartskapital til å finansiere oppstarten.

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema