Organisasjonsnummer og verksemdsnummer

Alle føretak som driv næringsverksemd og/eller melder at dei skal ha tilsette, får tildelt eit nummer for verksemda i tillegg til organisasjonsnummeret til føretaket. Det er berre organisasjonsnummeret som skal brukast utetter mot kundar og leverandørar.


Organisasjonsnummer for føretaket (juridisk organisasjonsnummer)

Alle som blir registrerte i Einingsregisteret (eksempelvis aksjeselskap, samvirkeføretak og enkeltpersonføretak) får tildelt eit organisasjonsnummer. Dette skal nyttast på heimesida til føretaket, i kontakt med kundar og leverandørar, og på alle forretnings- og salsdokument.

Organisasjonsnummeret (også kalla "juridisk nummer") skal også brukast i rapporteringar som gjeld sjølve føretaket, organisasjonen eller foreininga som er registrert. Det er dette nummeret som kjem opp ved å søkje på føretaksnamn i søkjefeltet "Finn føretak/selskap" på brreg.no.

Brønnøysundregistrene - finn foretak/selskap

 

Om virksomhet/underenhet

Opprette organisasjonsnummer

For å få tildelt eit organisasjonsnummer nyttar du skjemaet "Samordna registermelding". 

Verksemdsnummer

I tillegg har alle som driv næringsverksemd og/eller har meldt at dei skal ha tilsette, ei eiga verksemd/undereining, med tilhøyrande verksemdsnummer. Den som driv verksemder på fleire stadar og/eller i ulike bransjar, har ofte ei verksemd med tilhøyrande verksemdsnummer for kvar av desse. Du finn oversikt over eventuelle verksemdsnummer ved å søkje på "Finn føretak/selskap", gå inn på sida til det aktuelle føretaket og deretter velje "Oversikt over registrerte verksemder". Verksemdsnummeret vert blant anna bruka ved innsending av a-melding a-meldinga er ei månadleg melding frå arbeidsgjevaren til NAV, SSB og Skatteetaten om tilsette si inntekt, arbeidsforhold og forskotstrekk, og arbeidsgjevaravgift og finansskatt for verksemda og ved rapportering til SSB.

Brønnøysundregistrene - finn foretak/selskap

Samordnet registermelding del 1 B- Tillegg for enhet med virksomhet på flere adresser

Samordnet registermelding (i Altinn)

Opprette fleire verksemder/undereiningar

Dersom du driv verksemder på fleire stadar, eller driv aktivitet av stort omfang i ulike bransjar på ein stad, skal du opprette fleire verksemder. Dette gjer du ved å nytte skjemaet "Tillegg for eining med verksemd på fleire adresser". Skjemaet må sendast inn per post eller e-post. Adressene finn du nederst på skjemaet.

Samordnet registermelding del 1 B- Tillegg for enhet med virksomhet på flere adresser

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema