Organisasjonsnummer

Alle som driv næringsverksemd og/eller melder at dei skal ha tilsette, får tildelt to organisasjonsnummer når dei registrerer verksemda i Einingsregisteret – eitt for hovudeininga, og eitt for undereininga som identifiserer aktiviteten verksemda driv. Det er berre organisasjonsnummeret for hovudeininga som skal brukast ut mot kundar og leverandørar.


Organisasjonsnummer for hovudeininga

AOrganisasjonsnummeret for hovudeininga skal brukast på verksemda si heimeside, i kontakt med kundar og leverandørar, og på alle forretnings- og salsdokument. Organisasjonsnummeret for hovudeininga skal også brukast i rapportering som gjeld sjølve verksemda. Det er dette nummeret som kjem opp ved å søke på namn i søkefeltet "Finn føretak/selskap" på brreg.no

Brønnøysundregistera — finn føretak/selskap

Brønnøysundregistera om organisasjonsnummeret

Opprette fleire undereiningar

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når verksemda di er registrert.

Organisasjonsnummer for undereininga

Alle som driv næringsverksemd og/eller har meld at dei skal ha tilsette, får oppretta ei tilknytt undereining, med tilhøyrande organisasjonsnummer. Dei som driv aktivitet på fleire stader og/eller i ulike bransjar, har ofte ei undereining med tilhøyrande organisasjonsnummer for kvar av desse. Du finn oversikt over undereiningar ved å søke på "Finn føretak/selskap", gå inn på sida til den aktuelle verksemda og vel "Oversikt over registrerte undereiningar". Organisasjonsnummeret for undereininga blir blant anna brukt ved innsending av a-melding.

Brønnøysundregistera — finn føretak/selskap

Brønnøysundregistera om undereining

Opprette fleire verksemder/undereiningar

Om verksemda driv aktivitet på fleire stader, eller driv aktivitet av stort omfang i ulike bransjar, med minst 5 tilsette i kvar bransje, skal det registrerast meir enn ei undereining. Dette gjer du ved å bruke "Skjema for undereiningar - aktivitet på fleire adresser". Du må sende inn skjemaet som vedlegg til skjemaet Samordna registermelding, per e-post eller post. Adressene finn du nedst på skjemaet.

Samordna registermelding – skjema for undereiningar – aktivitet på fleire adresser

Brønnøysundregistera – registrere fleire undereiningar

Brønnøysundregistera – registrere overdraging eller melde sletting av undereining

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema