Firmaattest

Ein firmaattest er ei offisiell oversikt over ei verksemds organisasjonsnummer, føretaksnamn, forretningsadresse, eventuell kapital, styremedlemmer, dagleg leiar, -og signatur med meir. Når eit føretak blir registrerte i Føretaksregisteret blir ein slik attest sendt til føretaket sin innboks i Altinn.


Bestille firmaattest for eige føretak

Dersom du seinare ønskjer ein oppdatert versjon av firmaattesten kan du laste denne ned gratis. Dersom verksemda ikkje er registrert i Føretaksregisteret kan du ikkje bestille firmaattest, men du kan laste ned ei registerutskrift med opplysningar frå Einingsregisteret.

Bestille firmaattest for andre føretak

Dersom du ønskjer å sjå firmaattesten til eige eller anna føretak kan du bestille dette gratis i Brønnøysundregistera sin nettbutikk.

Brønnøysundregistera – bestilling av utskrifter, attester og kopier

Åpne kontaktskjema