Obligatoriske og frivillige registre

Når du driv verksemd er det fleire ulike register du anten kan eller må registrere verksemda di i.


Her er ei kort oversikt over nokre av desse:

Einingsregisteret

Einingsregisteret er eit nasjonalt register som tildeler eit nisifret organisasjonsnummer til alle som blir registrerte. Aksjeselskap, samvirkeføretak og ansvarlege selskap er blant verksemdene som har plikt til å registrera seg i Einingsregisteret. Foreiningar og enkeltpersonføretak har rett til å registrere seg i Einingsregisteret. Registrering i Einingsregisteret er eit vilkår for registrering i ei rekkje andre register, mellom anna Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret og Meirverdiavgiftsregisteret. For å finna ut om ei verksemd er registrert søkjar du i nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera

Brønnøysundregistera om Einingsregisteret

Søk i nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera

Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret (NAV Aa-registeret)

Aa-registeret har informasjon om arbeidsforhold. Arbeids- og oppdragsgjevarar har plikt til å rapportere arbeidstakarane og frilansarane sine til registeret kvar månad via a-melding. Registrering i registeret skjer automatisk ved innsending av a-melding. Arbeids- og oppdragsgjevarar må registrere seg i Einingsregisteret før dei kan sende inn a-melding. Registeret vert brukt av dei fleste offentlege myndigheitene.

NAV om Aa-registeret

Føretaksregisteret

Føretaksregisteret er ansvarleg for registrering av norske og utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel. Enkeltpersonføretak som driv med varesal eller har meir enn fem tilsette må registrerast i Føretaksregisteret. Andre enkeltpersonføretak har registreringsrett, men ikkje plikt. Registrering i Føretaksregisteret gjev vern av føretaksnamnet. Dei fleste opplysningane i Føretaksregisteret er offentlege. For å finne ut om eit føretak er registrert i Føretaksregisteret søkjer du i Nøkkelopplysningar frå Einingsregisteret. Registrering i Føretaksregisteret vil vere spesifisert under særlege opplysningar.

Føretaksregisteret

Søk i nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera

Meirverdiavgiftsregisteret

Meirverdiavgiftsregisteret inneheld ei oversikt over næringsdrivande som er meirverdiavgiftspliktige. Det vil seie dei føretaka som er pliktige til å leggje på meirverdiavgift på meirverdiavgiftspliktige varer og tenester. For å finne ut om eit føretak er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret søkjer du i Nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera. Registrering i Meirverdiavgiftsregisteret vil vere spesifisert under særlege opplysningar.

Skatteetaten om registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Søk i nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera

Reinhaldsregisteret

Alle som driv heilt eller delvis med reinhaldsverksemd skal ha offentleg godkjenning av Arbeidstilsynet. Kjøp av reinhaldstenester frå verksemd som ikkje er registrert i Renholdsregisteret er ulovleg. Du kan søkja i Renholdsregisteret for å finna ut om ei verksemd er godkjend som reinhaldsverksemd. Alle godkjende reinhaldsverksemder må innan 31. januar kvart år senda melding til Arbeidstilsynet som stadfestar at verksemda framleis fyller krava til godkjenning.

Reinhaldsregisteret

Arbeidstilsynet – sjekk om ei verksemd er godkjend i Reinhaldsregisteret

Arbeidstilsynet – finn godkjente reinhaldsverksemder i ditt område

Årleg melding for godkjend reinhaldsverksemd

Bilvask, dekkskift og dekkhotell-registeret

Alle verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring skal ha offentleg godkjenning. Kjøp av slike tenester frå verksemd som ikkje er godkjend er ulovleg. Du kan søkja etter godkjende bedrifter hos Arbeidstilsynet. Alle godkjende bilpleieverksemder må kvart år senda melding til Arbeidstilsynet som stadfestar at verksemda framleis fyller krava til godkjenning.

Arbeidstilsynet – godkjenning av bilpleie, hjulskift og hjullagring

Arbeidstilsynet – finn godkjent bilvask, dekkskift og dekkhotell i ditt område

Registeret for bemanningsføretak

Alle verksemder som har til formål å leiga ut arbeidskraft skal ha offentleg godkjenning av Arbeidstilsynet. Innleige frå bemanningsføretak som ikkje er godkjent hos Arbeidstilsynet er ulovleg. Meir informasjon om kven som har godkjenningsplikt finn du hos Arbeidstilsynet. Du kan søkja etter godkjende bedrifter hos Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet – søk om godkjenning av bemanningsføretak

Arbeidstilsynet – finn godkjente bemanningsføretak i området ditt

Frivilligregisteret

For å bli registrert i Frivilligregisteret må ein drive med frivillig verksemd og vere registrert som foreining, stiftelse eller aksjeselskap. For å kunna søkja om momskompensasjon eller delta i Grasrotordningen, må verksemda vera registrert i Frivilligregisteret.For å finne ut om ei verksemd er registrert i Frivilllingregisteret søkjer du i Nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera. Registrering i Frivilligregisteret vil vere spesifisert under særlege opplysningar.

Brønnøysundregistera om registrering i Frivilligregisteret

Søk i nøkkelopplysningar hos Brønnøysundregistera

Registeret for utøvarar av alternativ behandling

Personar som driv med alternativ behandling som er omfatta av lov om alternativ behandling av sjukdom og som er medlemar av ein godkjend utøvarorganisasjon kan registrerast i Registeret for utøvarar av alternativ behandling. Registeret skal vere med på å vareta pasientvernet og forbrukarrettane for den som oppsøker ein registrert alternativ behandlar.

Brønnøysundregistera om Registeret for utøvarar av alternativ behandling

Brønnøysundregistera – søk i registeret for utøvarar av alternativ behandling

Reinhaldsregisteret

Alle som driv heilt eller delvis med reinhaldsverksemd, skal ha offentleg godkjenning av Arbeidstilsynet. Kjøp av reinhaldstenester frå verksemder som ikkje er registrert i Reinhaldsregisteret er ulovleg. Du kan søkje i Reinhaldsregisteret for å finne ut om ei verksemd er godkjend som reinhaldsverksemd. Alle godkjende reinhaldsverksemder må innan 31. januar kvart år sende melding til Arbeidstilsynet som stadfestar at verksemda framleis fyller krava til godkjenning.

Reinhaldsregisteret

Arbeidstilsynet – sjekk om ei verksemd er godkjend i Reinhaldsregisteret

Arbeidstilsynet – finn godkjente reinhaldsverksemder i ditt område

Årleg melding for godkjend reinhaldsverksemd 

Registeret for bemanningsføretak

Føretak som har til formål å leige ut arbeidskraft er pliktige til å registrere seg i Arbeidstilsynets register for bemanningsføretak. Innleige frå bemanningsføretak som ikkje er registrerte hos Arbeidstilsynet er ulovleg. Meir informasjon om kven som har registreringsplikt finn du hos Arbeidstilsynet. Du kan søkje i Arbeidstilsynets register for bemanningsføretak for å finne ut om ei verksemd er godkjend som bemanningsføretak.

Arbeidstilsynet – søk om godkjenning av bemanningsføretak

Arbeidstilsynet – finn godkjente bemanningsføretak i området ditt

Åpne kontaktskjema