Starte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA)

Når de skal starte eit ansvarleg selskap må de velje føretaksnamn og utarbeide ein selskapsavtale. Deretter skal selskapet registrerast. Her får de vite kva som krevst for å starte eit ansvarleg selskap, og korleis de går fram når de skal registrere selskapet.


Føresetnader for å starte eit ansvarleg selskap (ANS/DA):

  • Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan vere deltakarar.
  • Personar som skal vere deltakarar i eller ha ei anna rolle i eit ansvarleg selskap må du ha fylt 18 år.
  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Selskapsloven om ansvarlige selskaper

 

Dersom du ikkje er statsborgar i eit EU/EØS-land, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøkje reglane for opphaldsløyve.

UDI - søk om oppholdstillatelse

 

Namn på ansvarleg selskap (ANS/DA)

Ansvarlege selskap med solidarisk ansvar (ANS) må ha nemninga "ansvarleg selskap" eller forkortinga "ANS" foran eller bak føretaksnamnet. Ansvarlege selskap med delt ansvar (DA) må ha føretaksnemninga "delt ansvar" eller forkortinga "DA" som ein del av føretaksnamnet.

Les om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Stifte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA)

Slik stiftar og registrerer de eit ansvarleg selskap når alle som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Stift selskapet ved å utarbeide, datere og signere ein selskapsavtale.

    Eksempel på selskapsavtale for selskap med delt ansvar - ANS


    Eksempel på selskapsavtale for selskap med delt ansvar - DA



  2. Dersom deltakarane skal gjere innskot i selskapet skal det opplysast om dette i selskapsavtalen.
  3. Registrer selskapet ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Legg ved selskapsavtalen. (Dersom selskapet skal ha styre og revisor må du leggje ved protokoll frå selskapsmøtet som viser vala).
  4. Send meldinga til signering. Alle som skal ha ei rolle i selskapet må signere meldinga elektronisk.

Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.

Manglar nokon av dykk norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift selskapet ved å utarbeide, datere og signere ein selskapsavtale.
  2. Dersom deltakarane skal gjere innskot i selskapet skal det opplysast om dette i selskapsavtalen.
  3. Registrer selskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av ansvarleg selskap (Samordna registermelding - Del 1 - Hovudblankett) og søknad om D-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).

    Samordnet registermelding - hovedblankett (for nedlasting)


    Søknad om tildeling av D-nummer

  4. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet for registering av det ansvarlege selskapet.

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

 

Brønnøysundregistrene om registrering av ansvarlig selskap (ANS/DA)

Selskapsloven om selskapsavtalen

 

Utanlandsk statsborgar

Dersom du ikkje er statsborgar i eit EU/EØS-land, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI - søk om oppholdstillatelse

Kor lang tid tek det

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistrene - oversikt over oversikt over saksbehandlingstider

 

Kva kostar det

Registrering av ansvarleg selskap kostar kroner 2 250,- ved elektronisk registrering, og kroner 2 832,- ved registrering på papirskjema.

Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.

Kompanjongavtale

Kombinasjonen personleg ansvar og at deltakarane tek avgjerder i fellesskap, kan føre til usemje mellom deltakarane. Det kan derfor vere fornuftig at deltakarane inngår ein kompanjongavtale mellom deltakarane. Dette er ikke lovpålagt.

Drive ansvarleg selskap

Når du har registrert eit ansvarleg selskap bør du setje deg inn reglane for drift av ansvarleg selskap.

Endring ANS/DA

Endring frå ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS) til ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) (eller frå DA til ANS) kan gjerast utan å skifte organisasjonsnummer.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema