Starte og registrere eit samvirkeføretak (SA)

Når de skal starte eit samvirkeføretak må de velje namn og stifte føretaket. Deretter skal føretaket registrerast.


Føresetnader for å starte eit samvirkeføretak:

  • Eit samvirkeføretak må stiftast av minst to personar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit anna samvirkeføretak eller ei foreining) kan vere stiftarar.
  • For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit samvirkeføretak må du ha fylt 18 år.
  • Føretaket må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Samvirka om samvirkeføretak

 

Stifte og registrere samvirkeføretak

Slik stiftar og registrerer de eit samvirkeføretak når alle som skal ha roller i føretaket har norsk fødselsnummer eller d-nummer:

  1. Stift samvirkeføretaket ved å utarbeide og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Stiftingsdokument og vedtekter for samvirkeføretak

  2. Dersom stiftarane skal betale innskot til føretaket ber de banken om å opprette ein konto for selskap under stifting. Betal inn innskotet og be om stadfesting frå banken. (Dersom innskotet skal bestå av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må det utarbeidast ein opningsbalanse som skal signerast av stiftarane)
  3. Registrer samvirkeføretaket ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og eventuelt stadfesting frå banken. (Dersom det vert gjort tingsinnskot må fråsegn frå revisor rundt tingsinnskott og opningsbalanse leggjast ved)
  4. Dersom føretaket skal ha revisor må han signere meldinga elektronisk.
  5. Send meldinga til signering. Då får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signer meldinga.

Når føretaket er registrert får innsendaren beskjed om dette i sin "Innboks" i Altinn.

Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i føretaket norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift samvirkeføretaket ved å utarbeide og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Stiftingsdokument og vedtekter for samvirkeføretak

  2. Dersom stiftarane skal betale innskot til føretaket ber de banken om å opprette ein konto for selskap under stifting. Betal inn innskotet og be om stadfesting frå banken eller revisor. (Dersom innskotet skal bestå av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må det utarbeidast ein opningsbalanse som skal signerast av stiftarane og fråsegn frå revisor rundt tingsinnskuddet)
  3. Registrer samvirkeføretaket ved å fylle ut papirskjema for registrering av samvirkeføretak (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).

    Samordna registermelding – hovudblankett (for nedlasting)


    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer


    Legg ved stiftelsesdokument, stadfesta kopi av gyldig legitimasjon og eventuelt stadfesting frå banken. (Dersom det vert gjort innskot og dette består av andre eigedelar enn pengar, må det også leggjast ved ein opningsbalanse og ei stadfesting frå revisor).
  4. Dersom føretaket skal ha revisor må revisoren signere skjemaet.
  5. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Samordna registermelding".

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

 

Brønnøysundregistera om registrering av samvirkeføretak

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på samvirkeføretak

Samvirkeføretak må ha føretaksnemninga "samvirkeføretak" eller forkortinga "SA" framfor eller bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn  (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Melding om registrering av føretaket må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Føretaket er stifta når den siste stiftaren har underteikna stiftelsesdokumentet. Føretaket kan ikkje ta på seg forpliktingar før det er registrert.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering av eit samvirkeføretak kostar 5 784 kroner ved elektronisk registrering, og 6 940 kroner ved registrering på papirskjema.

Når registreringa er ferdig behandla, får føretaket eit organisasjonsnummer.

Brønnøysundregistera - gebyr for registrering

Registrere eksisterande samvirkeføretak

Eit samvirkeføretak registrert i eit EU/EØS-land kan flytte hovudkontoret til eit anna EU/EØS-land utan å gå vegen om oppløysing og nystifting.

Åpne kontaktskjema