Starte og registrere ein stiftelse

Når du skal opprette ein stiftelse må du velje namn, skaffe til vegar grunnkapital og utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter. Deretter skal stiftelsen registrerast. Her får du vite kva som krevst for å opprette ein stiftelse, og korleis du går fram når du skal registrere stiftelsen.


Føresetnader for å opprette ein stiftelse:

  • Ein stiftelse kan opprettast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske eininger (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan være opprettar. For å vere opprettar eller ha ei anna rolle i ein stiftelse må du ha fylt 18 år.
  • Stiftelsar må ha ein bunden grunnkapital på minst 100 000,- kroner for alminnelege stiftelsar, og 200 000,- kroner for næringsdrivande stiftelsar.
  • Stiftelsar må ha eit styre med minst ein ekstern medlem.
  • Næringsdrivande stiftelsar må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som er oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Dersom du ikkje er statsborgar i eit EU/EØS-land, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøkje reglane for opphaldsløyve.

UDI - søk om oppholdstillatelse

Lotteri- og stiftelsestilsynet om stifting

Namn på stiftelsar

Næringsdrivande stiftelsar må innehalde ordet "stiftelse", "stifting" eller orda "sjølveigande institusjon". For alminnelege stiftelsar (stiftelsar som ikkje er næringsdrivande) er det ikkje eit slikt krav.

Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Opprette og registrere stiftelse

Slik opprettar og registrerer du ein stiftelse når dei som skal ha roller i stiftelsen har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet - stiftelsesdokument


    Lotteri- og stiftelsestilsynet - vedtekter

  2. Før stiftelsen kan registrerast må det liggje føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
  3. Registrer stiftelsen ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Nytt hjelpeskjema for oversikt over nødvendige vedlegg.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet - oversikt over nødvendige vedlegg

  4. Send meldinga til signering. Då får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signere meldinga.

Når stiftelsen er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.

  1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet - stiftelsesdokument


    Lotteri- og stiftelsestilsynet - vedtekter

  2. Før stiftelsen kan registrerast må det liggje føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd før registrering. Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnsko) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
  3. Registrer stiftelsen ved å fylle ut papirskjema for registrering av stiftelse (Samordna registermelding - Del 1 - Hovudblankett) og søknad om tildeling av d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i stiftelsen). Nytt hjelpeskjema for oversikt over nødvendige vedlegg.

    Samordnet registermelding - hovedblankett (for nedlasting)

    Søknad om tildeling av D-nummer

  4. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet.

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

Stiftelsesloven om stiftelsesdokumentet

 

Stiftelse oppretta ved testament

For stiftelsar oppretta ved testament gjeld eigne reglar.

Om stiftelser opprettet ved testement

Frist for registrering

Stiftelsen må meldast til registrering seinast 3 månader etter han vart oppretta.

Kor lang tid tek det

Saksbehandlingstidene hos Stiftelsestilsynetvarierer gjennom året.

Stiftelsestilsynet - oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det

Registrering av alminneleg stiftelse kostar frå 970,- til 4 550,- kroner avhengig av storleiken på eigenkapitalen. Registrering av næringsdrivande stiftelse kostar kroner 2 250 ved elektronisk registrering, og kroner 2 832 ved registrering på papirskjema.

Ved registrering får stiftelsen eit organisasjonsnummer.

Årleg avgift

Alle stiftelsar med ein eigenkapital på 100 000 kroner eller meir, må betale ei årleg avgift til Stiftelsestilsynet. Den årlege avgifta vil vere avhengig av storleiken på eigenkapitalen (minimum 650,- kroner og maksimalt 18 700,- kroner).

Lov om stiftelser

Forskrift til stiftelsesloven

Om styre i stiftelser

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema