Starte og registrere enkeltpersonføretak

Dersom du skal registrere eit enkeltpersonføretak må du velje føretaksnamn og beskrive aktiviteten du skal drive. Her får du vite kva som krevst for å starte eit enkeltpersonføretak, og korleis du går fram når du skal registrere det.


Vurderer du å starte enkeltpersonføretak?

Veit du kva som skal til for å lykkast og kva det krev av deg? Oppstartsrettleiaren skal førebu deg på kva det inneber å ha eit enkeltpersonføretak. Rettleiaren gir informasjon om kva du bør tenkja på og korleis du bør gå fram.

For å starte eit enkeltpersonføretak må du:

  • planleggje å drive næringsverksemd
  • ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse og oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godteken)
  • ha fylt 18 år (Dersom du er over 15 år kan du registrere enkeltpersonføretak med løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren (Søknad om godkjenning frå  statsforvaltaren) vel "Søknad om godkjenninga til statsforvaltaren til å gjere andre disposisjonar på vegner av person med verjemål" etter innlogging i skjemaet) 

Registrere enkeltpersonføretak

Slik registrerer du eit enkeltpersonføretak dersom du har norsk fødselsnummer eller d-nummer(Dersom du har d-nummer er det ein føresetnad at du har vore til ID-kontroll hos Skatteetaten. Har du ikkje vore til ID-kontroll vil du få brev om at dette må gjerast før registreringa kan fullførast.):

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
  2. Dersom du har avtale med ein rekneskapsførar eller revisor, må hen stadfeste oppdraget ved å signere elektronisk.
  3. Send meldinga til signering. Du vil få ei signeringsmelding i innboksen din i Altinn og kan signera meldinga.
  4. Når føretaket er registrert får du melding om dette i din Innboks i Altinn. Om elektronisk signering

Har du ikkje norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut og signere papirblankettane "Søknad om d-nummer til personar i samband med registrering i Brønnøysundregistera" og "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak":

    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

    Brønnøysundregistra – forenkla registermelding – Blanket for registrering av enkeltpersonføretak

    Rettleiing – forenkla registermelding for enkeltpersonføretak

  2. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Forenkla skjema for registrering av enkeltpersonføretak". Legg ved stadfesta kopi av gyldig legitimasjon.
  3. Når d-nummer er tildelt må du bestilla tid for ID-kontroll hos Skatteetaten.
  4. Når ID-kontroll er gjennomført vil Brønnøysundregistera behandla registreringa.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU-/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på enkeltpersonføretak

I enkeltpersonføretak må etternamnet ditt vere ein del av føretaksnamnet. Du kan i tillegg velje eit marknadsføringsnamn på verksemda. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Kva kostar det?

Å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret kostar 2 499 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 146 kroner).

Nokre enkeltpersonføretak må også registrerast i Føretaksregisteret. Dette gjeld i hovudsak enkeltpersonføretak som skal drive med sal av varer som er innkjøpte for vidare sal, og enkeltpersonføretak som har fleire enn fem tilsette.

Å registrera enkeltpersonføretak både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 205 kroner).

Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 120 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 2 668 kroner).

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.

Brønnøysundregistera - slik registrerer du eit enkeltpersonføretak

Brønnøysundregistera om registreringsplikt i Føretaksregisteret for enkeltpersonføretak

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Sjekk status på din sak hos Brønnøysundregistra

Drive enkeltpersonføretak

Du kan lese om drift av enkeltpersonføretak her.

Åpne kontaktskjema