Starte og registrere norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF)

Utanlandske føretak som treng eit norsk organisasjonsnummer kan opprette ei avdeling i Noreg (NUF). Her finn du informasjon om registreringsprosessen.


Registrere norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

  1. Registrer den norske avdelinga av det utanlandske føretaket ved å fylle ut og signere "Papirskjema for norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)".

    Brønnøysundregistera – samordna registermelding – skjema og rettleier for norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)

  2. Legg ved registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet og andre nødvendige vedlegg.

    Brønnøysundregistera om å registrere eit NUF

  3. Alle som skal ha ei rolle i NUF-et og som ikkje har norsk fødselsnummer eller norsk d-nummer, må i tillegg fylle ut søknad om tildeling av d-nummer.

    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

  4. Send skjemaa og vedlegga (i utgangspunktet skal alle vedlegga vere på norsk, men svensk, dansk og engelsk vert også godteken) samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet.


Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøke regla for opphaldsløyve.

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)

Eit NUF kan ha eit særskilt namn/føretaksnamn i Noreg, eller nytte same namn/føretaksnamn som føretaket i heimlandet.

Registreringsplikt og registreringsrett

Alle utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, har registreringsplikt i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Utanlandske føretak som ikkje driv verksemd i Noreg, har registreringsrett i Einingsregisteret dersom dei har behov for eit norsk organisasjonsnummer.

Brønnøysundregistera om registreringsplikt for NUF i Føretaksregisteret

Mogleg å sende inn på e-post

Nye NUF som skal registrerast i Føretaksregisteret kan senda inn skjema og vedlegg for registrering per e-post ved å bruke kontaktskjema på firmapost@brreg.no.Ved innsending per e-post vil saka takast til behandling innan 10 vyrkedagar etter at den er motteken. Eventuell søknad om d-nummer må alltid sendast per post.

Brønnøysundregistera - kontaktskjema for registrering av NUF i Føretaksregisteret

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering berre i Einingsregisteret kostar 3 146 kroner.

Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved innsending av skjema per e-post, og 3 205 kroner ved innsending per post.

Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 120 kroner.

Når registrering er ferdig behandla får avdelinga (NUF-et) eit  organisasjonsnummer.

Åpne kontaktskjema