Patent

Eit patent vernar ei konkret løysing på eit teknisk problem. Patentet gjev ein tidsavgrensa einerett der du kan nekte konkurrentar å utnytte den same løysinga så lenge patentet er gyldig.


Kva er patentvern?

Eit patent er ein dokumentert einerett til ei oppfinning. Denne eineretten varar i maksimalt 20 år. I denne perioden har du einerett til å produsere, importere og selje oppfinninga/produktet som du har patentert. Oppfinninga må kunne forklarast som ei konkret løysing på eit teknisk problem. Ho må vere heilt ny og kan ikkje ha vore omtala offentleg før du leverer ein søknad om patent (for eksempel kan ho ikke ha blitt vist fram på messer eller omtala i fagblad). I tillegg må ho skilje seg vesentleg ut frå tidlegare kjent teknikk på fagområdet.

Patentstyret om patent

Patentstyrets søketjeneste for patent, design og varemerker i Norge

 

Kva kan du ta patent på? 

  • framgangsmåtar
  • tekniske produkt
  • apparat
  • bruksmåtar
  • ein idé, dersom du kan forklare eller vise korleis han kan gjennomførast i praksis

 

Kor lenge er patentet gyldig?

Eit patent varar vanlegvis i inntil 20 år, rekna frå den dagen du leverer søknaden. Patentet må fornyast kvart år ved å betale ei årsavgift.

Når bør du vurdere å søkje om patent?

Utvikling av produkt kan ofte vere tid- og kostnadskrevjande.

Søknadsprosessen for patent er også tidkrevjande, så patentering er ofte best eigna for produkt som skal vere lenge på marknaden og for framgangsmåtar eller bruksmåtar som skal brukast ei stund. Det er ikkje sikkert at patent vil vere lønnsamt for oppfinninga di, men det kan vere lurt å vurdere behovet for eit slikt vern.

Korleis søke patent?

Søknad om patent kan du levere elektronisk til Patentstyret via Altinn. Søknadsprosessen kan vere ganske kompleks. Dersom du ikkje har erfaring med dette, bør du vurdere å få profesjonell hjelp hos for eksempel eit patentbyrå.

IPR-hjelp

Lov om patenter

Patentforskriften

 

Internasjonal patentregistrering

Eit patent gjeld berre i det landet der patentet er registrert. Det finst ordningar for å søkje patent i fleire land samstundes.

Søk patent i flere land

Klage på andres patent

Det er mogleg å klage i dei ulike fasane av saksbehandlinga av ein søknad om patent. Meir informasjon om dette får du hos Patentstyret.

Klageordninger hos Patentstyret

Pantsetjing av patent

Det er mogleg å pantsetje patent, patentsøknader og patentlisensar i Noreg.

IPR-forsikring. Ei slik forsikring kan redusere kostnadsrisikoen betrakteleg dersom du må ut med store beløp til advokatutgifter, rettssak eller erstatning for å forsvare og handheve rettane dine. 

Arbeidstakaroppfinningar

Ein arbeidstakarar har i utgangspunktet same rett til oppfinninga si som andre oppfinnarar har. På visse vilkår gjev likevel lova om arbeidstakaroppfinningar arbeidsgjevaren rett til å overta oppfinninga. Dette gjeld berre for patenterbare oppfinningar. Det betyr ikkje at du må søkje om patent, men vilkåra for å oppnå patent må vere til stades.

Arbeidsgjevaren sin rett til å overta oppfinninga vert bestemd ut frå arbeidstakaren sine oppgåver i bedrifta, og kva for avtale arbeidstakaren har inngått med arbeidsgjevaren. Dersom arbeidsgjevaren skal overta oppfinninga, kan arbeidstakaren ha krav på godtgjersle.

Ved fastsetjing av godtgjersla skal det særleg takast omsyn til: 

  • verdien av oppfinninga
  • omfanget av den retten arbeidsgjevaren har overteke
  • arbeidstakaren sine tilsetjingsvilkår
  • betydninga tilsetjinga elles har hatt for at oppfinninga vart til

Om arbeidstakers oppfinnelser

Arbeidstakeroppfinnelsesloven


Det er eigne reglar for lærarar og vitskapleg personale som er tilsett ved universitet og høgskular.

Velgekte.no - opplysningsside om piratkopiering

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema