Varemerke

Eit varemerke er eit namn, ein logo eller eit anna kjenneteikn du kan bruke for å skilje varene og tenestene dine frå andres. Varemerket kan vise seg å bli den viktigaste verdien for bedrifta di.


Kva er varemerkeregistrering?

Eit registrert varemerke gjev deg eller verksemda di einerett til å bruke varemerket for dine eller verksemda sine varer og tenester. Eineretten gjeld for eksempel for bruk av varemerket på sjølve vara, i dokument, i reklame og/eller ved munnleg omtale. Eineretten inneber at ingen andre kan bruke eit varemerke som kan forvekslast med ditt, på same type varer og tenester som varemerket ditt er registrert for. Vernet gjeld berre mot bruk i næringsverksemd.

Patentstyret om varemerke

Navnesjekk - Patentstyrets app

IPR-hjelp

 

Kva kan du registrere som varemerkeregistrere?

Eit varemerke kan bestå av bokstavar, tal, ord, slagord, namn, logoar, figurar og bilete, emballasje, lyd, rørsle eller kombinasjonar av desse. Eit varemerke må ha særpreg slik at kundane kan skilje produktet ditt får ein annans. Varemerket som berre beskriv vara eller tenesta kan i utgangspunktet ikkje registrerast, fordi andre næringsdrivande også må kunne beskrive produktet sitt.

Varemerket kan bestå av alle slags teikn, men det må kunne gjevast att grafisk. Eksempelvis kan det bestå av ord, slagord, namn, logoar, figurar og bilete, bokstavar, tal, emballasje, lyd, rørsle eller kombinasjonar av desse. I tillegg må det vere eigna til å skilje varene og/eller tenestene dine frå andres, og det må ha særpreg. Varemerke som berre skildrar vara eller tenesta, kan i utgangspunktet ikkje registrerast.

For eksempel kan du ikkje utan vidare få eineretten til Økern Bilmekanikar for tenester som inneber "reparasjon av bilar" sidan varemerket berre fortel kor i Oslo tenesta vert tilbydd, nemleg Økern, og kva slags tenester som vert tilbydde der, nemleg bilmekanikartenester. Dersom du ønskjer ein slik skildrande tekst i varemerket ditt, må du leggje til noko anna som har særpreg for at det skal kunne registrerast. Dette kan for eksempel vere eit særprega figurelement eller ei særprega logoutforming. Då vil det vere kombinasjonen av namn og figur som blir verna.

Varemerkeloven

Varemerkeforskriften

 

Kor lenge varar varemerkeregistreringa?

Eit registrert varemerke gjeld i 10 år og kan fornyast for 10 år om gongen så lenge du ønskjer det. Det er bruksplikt knytt til varemerkeregistreringa. Dette betyr at dersom du ikkje brukar varemerket for alle varene og/eller tenestene du har registrert det for innan fem år, kan registreringa heilt eller delvis bli sletta dersom nokon sender eit krav om dette til Patentstyret.

Ulike symbol for varemerke

Dersom varemerket er registrert, kan du setje symbolet ® bak varemerket. Dersom varemerket ikke er registrert, men du ønskjer å vise at det er eit varemerke, kan du bruke symbolet ™ bak merket. TM gjev deg ikkje noko vern, men det kan brukast som eit signal til marknaden om at det er å oppfatte som eit varemerke.

Korleis søkjer du om varemerkeregistrering?

For å søkje registrering av varemerke kan du bruke søknadsvegvisaren på nettsidene til Patentstyret. Søknadsvegvisaren gjev deg ein enklare og raskare søknadsprosess. Du kan skrive og levere søknaden din, betale og få kvittering i ein operasjon.

Patentstyret - søknadsveileder varemerkeregistrering i Norge

Alternativt kan du levere søknaden elektronisk til Patentstyret via Altinn. Både verksemder og privatpersonar kan søkje. Når du søkjer, må du velje kva for klassar varemerket skal gjelde for. Det vil seie at du må avgjere innanfor kva for varegrupper eller kva for typar tenester du ønskjer å verne varemerket.

Det finst 45 ulike klassar der klasseoverskrifta i hovudsak skildrar kva for varer og tenester som inngår i den aktuelle klassen. Patentstyret kan hjelpe deg med å førebu søknaden. Du må betale eit søknadsgebyr for å få søknaden behandla. 

Patentstyret - prisoversikt

 

Internasjonal varemerkeregistrering

Varemerkeregistreringa gjeld berre i det landet der varemerket er registrert. Brukar du varemerket i andre land, bør du vurdere å verne det i desse landa. Det er mogleg å registrere eit varemerke i fleire land samstundes.

Patentstyret om varemerking i andre land

 

Klage på andres varemerke

Dersom du oppdagar at nokon har fått registrert (eller søkt om registrering av) eit varemerke som du meiner er identisk med eller kan forvekslast med varemerket ditt, kan du klage. Informasjon om vilkår, klagefristar og framgangsmåtar finn du hos Patentstyret.

Patentstyret - oversikt over klagemuligheter knyttet til varemerke

Patentstyret om innarbeidelse og bruk av varemerke

 

Fellesmerke

Ei foreining av næringsdrivande kan få einerett for medlemane til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene eller tenestene sine.

Ansvarsmerke

Dei som produserer og/eller sel produkt av gull, sølv eller platina med påstempla finleiksgrad (for eksempel 'S925' for sølv), er pliktige til å stemple vara med eit ansvarsmerke som dei har registrert hos Patentstyret.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema