Fellesmerke og ansvarsmerke


Fellesmerke

Ei foreining av næringsdrivande kan få einerett for medlemane til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene eller tenestene sine. Dette kan for eksempel vere ei foreining for målarar, legar eller hesteoppdrettarar.

Statlege organ, stiftelsar, selskap eller liknande som fører kontroll med varer eller tenester, kan også registrere eit fellesmerke. Dette gjeld også organ som fastset normer for varer eller tenester. Merket kan brukast på dei varene norma eller kontrollen gjeld for. Dette kan for eksempel vere miljømerke, kontrollmerke eller liknande.

Fellesmerke følgjer reglane for varemerke, men må i tillegg ha eigne reglar for bruken av merket. Søknad om fellesmerke sender du til Patentstyret via Altinn.  Du må betale eit søknadsgebyr før søknaden vert behandla. Du kan velje om du vil betale når du leverer søknaden, eller få tilsendt faktura.

Patentstyret om fellesmerker

Patentstyret – prisoversikt

Varemerkelova

Varemerkeforskrifta

Ansvarsmerke

Dei som produserer og/eller sel produkt av gull, sølv, eller platina med påstempla finleiksgrad (for eksempel 'S925' for sølv), er pliktige til å stemple vara med eit ansvarsmerke som dei har registrert hos Patentstyret. Ansvarsmerket viser kven som er produsent eller importør, og gjer det mogleg å identifisere kven som har produsert vara, for eksempel kva for gullsmed. Søknad om ansvarsmerke sender du til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit gebyr før søknaden vert behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.

Dersom du importerer varer av edelt metall frå EU-/EØS-land, og varene allereie er lovleg stempla med eit merke som ikkje kan forvekslast med eit norsk ansvarsmerke, treng du ikkje søkje om registrering av ansvarsmerke i Noreg.

Patentstyret om ansvarsmerker

Edelmetalloven om krav til ansvarsmerke

Forskrift om varer av edelt metall mv.

Forskrift om registrering av ansvarsmerker

Patentstyret – prisoversikt

Åpne kontaktskjema