Domenenamn

Kundar og andre forventar å finne deg og verksemda di på nettet. Uavhengig av forretningsidé vil dette for dei aller fleste bety at dei må skaffa seg eit domenenamn som dei bruker til nettstad og e-post. I tillegg må du sørga for konto i ulike sosiale medium.


Val av domenenamn

Domenenamnet kan vere føretaksnamnet, marknadsføringsnamnet, ditt eige namn eller eit anna namn eller uttrykk. Du vel det du vil bli assosiert med og husken som. Du kan stort sett velje det domenenavnet du ønskjer, men du må passe på at namnet ikkje bryt med andre sine rettar til varemerke, føretaksnamn eller andre namnerettar.

Finne ledig domenenamn

Med tenesta navnesok.no kan du i eitt og same søk finne ut om namnet du ønskjer deg, er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke.

Sjekk om namnet er ledig på navnesok.no

Domenenamn først, føretak etterpå

Når du har bestemt deg for namn på føretaket, er det viktig at du held korta tett til brystet til du har registrert det domenenamnet du vil ha. Då unngår du at andre tek det. Dersom du ikkje har eit organisasjonsnummer, kan du registrere domenenamnet på deg sjølv som privatperson og overføre det til verksemda når du har registrert henne.

Same namn på tvers av kanalar

Når du har bestilt det domenenamnet du vil ha, er det smart å registrera det same namnet som konto- eller profilnamn i sosiale medium. Då får du ein digital identitet som heng saman på tvers av plattformer og kanalar, og det blir enklare for kundar og andre å hugsa namnet og finna deg.

Norid - har du gründerplaner?

Smart start (video)

Velja og bestilla domenenamn

Her finn du meir informasjon om val av domenenamn, korleis du går fram for å bestilla, og kva du kan bruka eit domenenamn til.

Norid

Klage på eit domenenamn som er registrert

Dersom nokon har registrert eit domenenamn som du meiner at du har rettar til, og du meiner at den som har registrert det, måtte vera klar over dette, kan du klaga til Domeneklagenemnda. Norid er sekretariat for Domeneklagenemnda og hjelper deg med klagen.

Norid – Klage på registrering av domenenamn

Åpne kontaktskjema