Norsk avdeling av utenlandsk føretak (NUF)

Utanlandske føretak som ønskjer å drive næringsverksemd i Noreg, anten det er for enkeltståande oppdrag eller på meir permanent basis, må ha eit norsk organisasjonsnummer. For å få eit norsk organisasjonsnummer må føretaket etablere ei avdeling av det utanlandske føretaket i Noreg, eller etablere eit eige norsk føretak.


Kva er eit norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)?

Eit NUF er ei norsk avdeling av eit utanlandsk føretak. Avdelinga i Noreg er underlagd det utanlandske føretaket, og det er det utanlandske føretaket som er ansvarleg for verksemda i den norske avdelinga. Avdelinga i Noreg må følgje norske reglar. Det er i stor grad dei same reglane som for norske aksjeselskap.

Det er ingen eigenkapitalkrav for etablering av eit NUF. Utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, har registreringsplikt i Føretaksregisteret.

Utanlandske føretak som ikkje driv med næringsverksemd, men som likevel har behov for eit norsk organisasjonsnummer, har rett til å registrere seg i Einingsregisteret.

Avdelinga i Noreg må ha ein kontaktperson. Det er ikkje krav om at kontaktpersonen må ha bustad i Noreg, men kontaktpersonen må ha norsk person- eller d-nummer. Dersom kontaktpersonen ikkje har norsk person- eller d-nummer, så må søknad om d-nummer sendast saman med registreringsskjemaet Samordna registermelding. Du må nytte papirskjema, som du sender med post til Brønnøysundregistera. Er det andre som skal ha ei formell rolle i avdelinga i Noreg, og som manglar d-nummer, må også dei søkje om d-nummer i samband med registreringa.

Brønnøysundregistrene - norskregistrert utenlandsk foretak (NUF)

 

Brønnøysundregistrene - søknad om d-nummer

Arbeid og opphold i Norge (EU/EØS/EFTA-borgere)

Når kan eit NUF være aktuelt?

Dersom du skal ta enkeltståande oppdrag i Noreg, eller ønskjer at ansvaret for verksemda i Noreg skal vere direkte underlagt føretaket i heimlandet, kan det vere aktuelt å registrere eit NUF i Noreg. Det vert ikkje stilt konkrete krav til kva for type utanlandsk føretak som kan registrerast i Noreg. Både føretak med og utan avgrensa ansvar for eigarane eller deltakarane kan bli registrert.

Foretaksregisterloven om krav til opplysninger for utenlandske foretak

For utanlandske enkeltpersonføretak som skal utføre oppdrag av kortare varigheit i Noreg kan det, av praktiske omsyn, vere formålstenleg å etablere eit eige norsk enkeltpersonføretak.

Arbeidstakar

Skal du ha tilsette i Noreg som skal utføre oppdrag her, skal desse registrerast i Noreg.

UDI om opphold og arbeid i Norge

Sosiale rettar

Har du tilsette i Noreg, har dei som hovudregel like sosiale rettar som andre tilsette i Noreg.

Sjukepengar

Dei tilsette har krav på 100 % sjukepengar frå første sjukedag. Ver merksam på at NAV (arbeids og velferdsetaten har ansvaret for blant anna sosiale rettar i Noreg) dekkjer sjukepengane frå dag 17. Dei første 16 dagane må du som arbeidsgjevar betale.

Dagpengar

Tilsette i eit NUF opparbeider rett til dagpengar ved arbeidsløyse, på lik linje med andre tilsette. Vilkåra for å få dagpengar finn du hos NAV.

Pensjon

Som tilsett i NUF tener du opp pensjonsrettar av det du får i lønn, på lik linje med andre arbeidstakarar. Ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Dersom avdelinga har fleire tilsette vil ho normalt ha plikt til å teikne ei tenestepensjonsordning for dei tilsette.

Merverdiavgift (mva)

Skal du som utanlandsk føretak utføre oppdrag i Noreg, må du ta stilling til dei norske mva-reglene, på same måte som norske verksemder. Det betyr at dersom du utfører eit oppdrag der omsetninga i Noreg overstig kroner 50 000,-, i løpet av ein periode på tolv månader, må du registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret. Registreringa i Meirverdiavgiftsregisteret må gjerast uavhengig av varigheita på oppdraget. Dersom avdelinga ikkje vert driven frå ein fast forretningsstad i Noreg, og kjem inn under reglane i meirverdiavgiftslova, må det registrerast ein representant.

Kravet til representant gjeld ikkje for selskap frå EØS-landa: 

Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Storbritannia, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn eller Østerrike.

Selskap frå desse landa kan velje å bli registrert i Meirverdiavgiftsregisteret utan å vere tilknytt ein meirverdiavgiftsrepresentant.

Skatt

Om eit NUF er skattepliktig til Noreg, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Noko forenkla kan vi seie at i eit NUF der heile verksemda vert styrt og driven i Noreg, vil både selskapet og NUF-et normalt vere skattemessig heimehøyrande i Noreg, og dermed skattepliktig til Noreg for heile verksemda si.

Dersom føretaket er heimehøyrande i utlandet, og styret/leiinga går føre seg i utlandet, vil berre avdelinga vere skattepliktig til Noreg for verksemda som vert driven gjennom fast forretningsstad i Noreg.

Skatteutrekninga for eit NUF som er skattepliktig til Noreg, vil vere avhengig av kva for organisasjonsform det utanlandske selskapet har. For utanlandske selskap med avgrensa ansvar (tilsvarande for eksempel aksjeselskap) skal det reknast 22 % skatt av overskotet i Noreg.

For at NUF-et skal få rekna ut skatt, må skjemaet "RF-1097 Søknad om endring av eller krav om forskuddsskatt - upersonlig skattyter" fyllast ut og sendast inn via Altinn.

Miniguide for utenlandske næringsdrivende og arbeidstakere

Rekneskap

Ei avdeling av eit utanlandsk føretak pliktar å føre rekneskap, og sende inn årsrekneskapen sin til Rekneskapsregisteret, dersom avdelinga er skattepliktig til Noreg. Dersom avdelinga ikkje er skattepliktig til Noreg, kan ein søkje om fritak frå levering av årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Rekneskapspliktige NUF med omsetning over 5 millionar kroner er også revisjonspliktige.

Roller i NUF

Dersom det utanlandske føretaket har eit styre er det dei som har ansvaret for forvaltninga av avdelinga i Noreg. Det utanlandske føretaket kan opprette eit styre i den norske avdelinga, dersom det er ønskjeleg. Dei som eventuelt skal ha ei rolle i eit norsk styre må ha eit d-nummer eller norsk personnummer dersom dei ikkje har det frå før.

Styret eller anna kompetent organ i det utanlandske føretaket kan også velje å tilsetje ein dagleg leiar i Noreg.

Brønnøysundregistrene om roller i NUF

Løyve

Innanfor enkelte bransjar i Noreg må ein ha løyve for å drive eiga næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester. I byggjenæringa må alle arbeidstakarane ha HMS-kort.

Registrering og organisasjonsnummer

Registreringa av eit NUF vert gjort via Samordnet registermelding . Registreringa av NUF-et kan ikkje gjerast elektronisk via Altinn. Skjemaet og vedlegg må sendast per post. Etter at registreringa er behandla får du tildelt organisasjonsnummeret til føretaket.

Brønnøysundregistrene - skjema og veiledning for NUF

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema