Stiftelse

Skal du donere eller testamentere pengar til eit bestemt formål av ideell, humanitær, sosial eller annan art? Ønskjer du å overlate råderetten over formuen til stiftelsen og formålet til denne? Då kan stiftelse vere organisasjonsformen for deg.


Alle stiftelsar skal registrerast i Brønnøysundregistra.

Tilsynsmyndigheit for stiftelsar er Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ein stiftelse kan vere ein alminneleg stiftelse eller ein næringsdrivande stiftelse. Definisjonar av desse finn du i stiftelseslova § 4. Som stiftelsar reknar ein også sjølvstendige legat, institusjonar og fond som private har oppretta.

Stiftelsar skal ved opprettinga ha ein grunnkapital på minst 100 000,- kroner. For næringsdrivande stiftelsar er kravet til minste grunnkapital sett til 200 000,- kroner.

Stiftelsar skal ha eit styre. Styret representerer stiftelsen utad og har ansvaret for at stiftelsen og det som vedkjem henne blir forvalta tilfredsstillande. I vedtektene kan ein vedta at stiftelsen også skal ha andre organ. Stiftelsar har rekneskapsplikt og plikt til å ha revisor.

Lotteri- og stiftelsestilsynet om stifting

Lov om stiftelser

Forskrift til stiftelsesloven

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema