Merkur-programmet

Dette programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets verktøy for å utvikle butikkar i distrikts-Noreg. Målet er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet.


Programmet arbeider for at daglegvarebutikkane kan få tilleggstenester som aukar lønnsemda i butikken og som gjev innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester. Nærbutikken er ein viktig møteplass i mange lokalsamfunn og ofte avgjerande for at folk skal kunne bu og trivast på bygda.

Merkur-programmet forvalter fem støtteordningar.


Investeringsstøtte til butikkar

Investeringsstøtte skal gå til reine investeringar, til dømes til kjøle-/fryseutstyr, butikkdata, modernisering eller utviding. Det er krav om 10 km til nærmaste butikk, kundegrunnlag på under 200 husstandar i nærmarknaden og under 13 mill. kronar i omsetning. Merkur har høve til å bruke skjønn og gjere særskilte vurderingar for butikkar som ligg mellom 5-10 km frå alternativ innkjøpsstad.

Utviklingsstøtte til butikkar

Dei minste butikkane kan søkje om utviklingsstøtte til marknadsaktivitetar, mobiliseringstiltak, kompetansetiltak og tilrettelegging for tilleggsfunksjonar ut over vanleg butikkdrift. Det er krav til minst 20 km til nærmaste butikk og under 7 mill. kronar i omsetning.

Servicestøtte til små nærbutikkar

Butikkar med daglegvare-omsetning under 4,0 millionar kronar og 20 km avstand til nærmaste butikk kan søkje om 100.000 kr i årleg støtte for den servicen dei yter til lokalsamfunnet. Butikken må kunne dokumentere at dei tilbyr minst tre servicefunksjonar utanom sal av daglegvarer. Det er ikkje mogleg å søkje om utviklingsstøtte og servicestøtte same år.

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Ordninga med investeringsstøtte til drivstoffanlegg gjeld først og fremst drivstoffanlegg som er knytte til ein Merkur-butikk og skal i hovudsak gå til opprusting av eksisterande anlegg, men det er også mogleg å få tilskot til etablering av nye anlegg. Det er krav om at anlegget har under 300.000 liter i omsetning av drivstoff. Ordninga omfatter også ladestasjon for elbil.

Utviklingsstøtte til bokhandlarar

Støtta skal brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, blant anna med tilrettelegging av tilleggsfunksjonar knytte til utviklinga av bokhandelen som ein sosial og kulturell møteplass. Det er krav om at dette er einaste bokhandel i småby eller tettstad og har under 7 mill. kronar i omsetning i bokhandelen.

Det er ingen søknadsfrist for støtteordningane, med unntak av ordninga med bokhandel-støtte der det blir sett ein søknadsfrist til hausten. Prosjekta som det vert søkt støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla og det er gjeve tilsegn om støtte.

Merkur-programmet

Merkur-programmet om investeringsstøtte til butikker

Merkur-programmet om utviklingsstøtte til butikker

Merkur-programmet om investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Åpne kontaktskjema