Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket

Produksjons- og avløysartilskot har som føremål å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innan dei målsetjingar som Stortinget har trukke opp. Itillegg skal nokre ordningar fremje bestemde føremål, til dømes skjøtte kulturlandskapet og stimulere til beiting.


Ordningane er samkøyrde i eit felles søknadsskjema, med søknadsfrist 15. mars og 15. oktober. Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje om tilskot innan desse ordningane. Det er kommunen som behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot og  til avløysartilskot i jordbruket.

Følgjande tilskotsordningar inngår i søknadsskjemaet:

  • arealtilskot
  • kulturlandskapstilskot
  • tilskot til dyr på beite
  • tilskot til dyr på utmarksbeite
  • husdyrtilskot
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
  • arealtilskot til økologisk landbruk
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker
  • distriktstilskot til potetproduksjon til Nord-Noreg
  • avløysartilskott

Krav til søkjarar
Vilkåra for å kunne få produksjons- og avløysartilskot står i forskrifta om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Landbruksdirektoratet om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket

Åpne kontaktskjema