Rådgjeving om vern av innovasjon

Lurar du på korleis du kan verne dei immaterielle verdiane dine? Treng du hjelp til å sjå korleis dei immaterielle verdiane til bedrifta kan utnyttast for å auke innteninga? Innovasjon Noreg kan sparra med deg og gi objektive råd.


Innovasjon Noreg kan gi deg konkrete råd og hjelper deg å innhente rett informasjon, slik at du kan ta betre avgjerder om vern og forretningsmessig utnytting av dei immaterielle rettane dine (IPR).

Innovasjon Norge si rolle er å auka bevisstheita om korleis bedrifter kan utnytte IPR strategisk i forretningsutviklinga si for å sikre bedrifta sitt konkurransefortrinn og auke bedrifta sin verdi. Innovasjon Noreg har eit breitt nettverk blant offentlege og private aktørar i Noreg og internasjonalt som du kan dra nytte av. Tilbodet er eit supplement til spesialiserte tenester som blir tilbodne av kommersielle aktørar.

Kven får rådgiving?

Innovasjon Noreg prioriterer gründerar, og dessutan små og mellomstore bedrifter som utviklar innovative produkt og tenester, og/eller har lite eller inga erfaring med immaterielle verdiar frå før.

Innovasjon Noreg om vern av innovasjon

IPR-hjelp – immaterielle rettigheter

Åpne kontaktskjema