Finansiering av fiskefartøy og fiskerettar

Innovasjon Noreg kan bidra med finansiering til kjøp og bygging av fiskefartøy, og til utstyr og reiskapar. Dei kan også hjelpe deg med anskaffing av kvotar/rettar.


Finansiering av fiskefartøy og fiskerettar er øyremerkte aktive fiskarar og selskap som har minimum 50 % aktive fiskarar på eigarsida. For større prosjekt vert finansieringa vanlegvis delt mellom Innovasjon Noreg og bankforbindelsen din. 

Innovasjon Noreg tilbyr hovudsakleg lån til investeringar i fiskeflåten, men dersom eit innovativt utviklingsprosjekt inngår som del av investeringa, er det moglegheiter for å få finansiert delar av dette med tilskot.

Ta kontakt med Innovasjon Noreg tidleg i prosessen for å diskutere investeringsprosjektet.

Innovasjon Norge om finansiering av fiskefartøy og fiskerettigheter

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema